BØMOENOrdet fritt
Ordet fritt:

Bømoen – treng bustader – og tenkjepause?

Magnar Lemme og Odd Himle stiller spørsmål ved utsegnene til Tore Nyborg og Iril Schau Johansen i Bømo-saka.

AV
Publisert
Oppdatert:

I avisa Hordaland 26.04.18 uttalar ein aktiv H-politikar: «Me treng bustadbygging i Bømoen». Og same avisa uttalar ein sjølvoppnemnd Bømokonsulent at han vil: «- - kjempa mot planen som før».

Og han seier vidare at: «Men eg kan verkeleg ikkje førstilla meg at dei nye eigarane vil fremja bustaddelen av planen ein gong til no som dei kjenner folkeviljen - -».

Kjenner ikkje den aktive politikaren Iril Schau Johansen folkeviljen? Eller kjenner sjølvoppnemnd Bømokonsulent Tore Nyborg folkeviljen betre? Eller trur sistnemnde at folkeviljen er den same som hans eige syn i saka?

Spørsmålet som mange gjerne vil ha svar på er: Kven av desse to uttalar seg i samsvar med «Bømoen og folkeviljen» – er det H-politikar Iril Schau Johansen eller er det Bømokonsulent Tore Nyborg?

Magnar Lemme - Odd Himle

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.