Ordet fritt:

Betalingssystemet til Voss Energi

Det gjeld det nye betalingssystemet til Voss Energi.

AV
Publisert

Den gamle systemet me hadde var 2 mnd forbruk, så avlesing og etter 1 mnd betaling.

I det nye er det betaling kvar månad. Den eine mnd blir stipulert av Voss Energi, som set opp eit større forbruk enn forbrukaren bruker. eks.

Dersom ein er på ferie 3 veker blir det ikkje noko forbruk. Dersom det blir ført 500 kw a 1 kr på kvar forbruker og 8000 forbrukarar blir det 4.000.000 kr som kundane må forskottera. Er det riktig? Den andre mnd les me av sjølve og sender inn.

Kunne Voss Energi venta med dette til det var installert fjernmålarar til alle?

Men det er vel der som mange stader at alt står i pengar, og kunden må svi.

Jon Lid, Kolvesvegen 284

Her er svar frå Voss Energi

Bakgrunnen for å gå over til månadleg fakturering er innføring av såkalla gjennomfakturering. Det betyr at alle kraftleverandørar også kan fakturera nettleiga. For at dette skal fungera, så skal alle i bransjen ha same faktureringsfrekvens, som då er månadleg.

Det er mogleg å lesa av målaren så ofte ein vil. Så viss ein vil unngå stipulering, så kan ein levera målarstand kvar månad. Stipuleringa vert elles gjort på bakgrunn av innkomne målaravlesingar, så jo fleire avlesingar, jo betre stipulering.

Per Berge, marknadssjef Voss Energi

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.