REGJERINGAOrdet fritt
Ordet fritt:

Antiregjeringa Solberg

Ein får som fortent, sa katten, han fekk eit fiskebein i halsen.

AV
Publisert
Oppdatert:

Me fekk ein ny regjeringskonstellasjon i fleisen i det nye året. Med Venstre inn i regjeringea har den stålblå sammenslutninga (for blåGRØNN er ho i alle fall ikkje!) auka sjølvtilliten sin og meiner heilt seriøst at no vert ting rett ut endå betre i Noreg enn før, mellom anna dette:

Offentleg sektor har eit konkurransefortrinn ovanfor private kommersielle krefter, meiner dei og må difor knekkjast til private bitar. Staten betaler som kjent ikkje skatt til seg sjølv og offentlege selskap får rimelegare lån sidan dei ikkje kan gå konkurs.

Dette er så urettvist for dei stålblå at dei vil likestilla statlege (offentlege) velferdstenester med stakkarane i Orange Helse, Norlandia, Aleris osb. Regjeringa har frekkheita si nådegåve!

Me hugsar her den nylege skandalen med Orange Helse som hadde flytta inntektene sine til eit skatteparadis i Malta og betalte dei utelukkande baltiske arbeidarane langt under tariff.

Helst bør vel desse helseprofittørstakkarane få heile kaka så dei får endå meir overskot til skatteparadisa «sine». Berre for ordens skuld:

Me betaler skatt for at offentlege tenester som sjukehus, skule skal gje oss omsorg, utdanning, ikkje for at det me har betalt inn for «sikkerheitsnetttet» vårt skal utsetjast for ein haug kommersielle sugerøyr ... trudde me i alle fall, naive som me er!

Regjeringa seier endå meir velkommen til profittørar på jakt etter nye marknader.

Då treng ein ikkje fagorganiserte heller i den «vakre frie marknaden» deira. Regjeringa ville anerkjenna uorganiserte – ja, så mykje for det organiserte arbeidslivet. Men den tapte dei i Stortinget, saman med ein del andre saker i det siste. Så førebels får ikkje dei tilsette den utsøkte «glede» i å kunna stå åleine opp mot sjefen og kapitalen, utanfor fellesskapet i fagrørsla, med støtte frå Grande, Solberg og Jensen.

Arbeidsplassar utan fagrørsle – rett attende til 1800-talet det. Denne regjeringa trivst best i vidopne marknader!

Stålblå er dei, kalde, men utan glans, berre meir nyliberalisme i nordavinden.

Ei antiregjering er det, utan styringskraft og lite folkeleg appell.

Hald fram med å hosta protest norske folk, fiskebeinet er ikkje oppe enno!

Thorleif Berthelsen og Ivar Jørdre, Raudt Bergen

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.