TIDENE FORANDRAR SEGOrdet fritt
Ordet fritt:

Anno 1970 – før og no

I 1970 hadde me fått oss fjernsyn og eg minnest at Brasil vann VM i fotball, og spenninga var også den gongen til å ta og føla på, og den brasilianske fotballspelaren Pele var den store helten min då.

AV
Publisert

Gjennom fjernsynet fekk me også sjå og høyra at det nærast var krig mellom forskjellige religiøse grupper i Punjab, og me me fekk sjå kvinnfolk som i steikjande sol laut gå med hijab og nikab.

Eg syntest det var fælt at desse kvinnfolka laut gå med så masse klede på seg i den steikjande sola, nei, då hadde dei det betre jentene her som i ledige stunder kunne sitja lett-kledde og røykja Prince og drikka cola.

I 1970 hadde dei fleste ikkje høyrt om sushi, og på den tida var det nok berre kattane her i bygda som åt rå fersk fisk, men om vinteren tvinga ho mor i meg ei skei med tran kvar dag slik at eg skulle halda meg frisk.

Kven av oss seniorane hugsar ikkje laurdagsunderhaldninga på fjernsynet med Erik Bye, Leif Juster og alle andre store artistar med kjende namn?, og om sundagskveldane var det «musikkfrågan kontrapunkt» med svensken Sten Broman.

På den tida var her minst to lokale slakteri, så pinnakjøtet og vossakorven kunne ein trygt kalla for kortreist mat, og det lokale bakeriet sørgde for at det var kortreiste bollar og brød på alle fat.

I 1970 var heller ikkje lønns- og kostnadsnivået her i landet enno øydelagt på grunn av at me er ein oljenasjon, og det var stasjonert jernbanefolk omtrent ved kvar ein lokal jernbanestasjon.

På den tida var det heller ikkje heilt akseptert at ugifte par budde under samme tak og sov i samme seng, og det var i alle fall heilt utenkjeleg i dei familiane som enno hadde ei gammal tante som var pietistisk og streng.

Ingvald Ringheim

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.