KVITANESENMeiningar
Kvitanesen:

Om lektoren

Det er mange år sidan dinosaurane døydde ut. No er det snart dei gamaldagse lektorane med sju års utdanning sin tur.

AV
Publisert

Slikt er synd, dei har ikkje gjort ein katt vondt. Men lektorar døyr aldri heilt som andre. Dei berre turkar seint inn, slik at det til slutt er att berre skinn og bein og buskete augnebryn. Alt dei let etter seg, er ein fasit. For dei må alltid ha eit rett svar på lur, sjølv om spørsmålet kan vera heilt feil.

I mi tid var lektorane utropte av kongen, dei fleste av Håkon, nokre av Olav. Harald­ har det for travelt med å utnemna statsrådar i fine, utringa kjolar.

Dei gamle lektorane måtte slita i sju år for å få si grad. So kom det sju nye magre år utan fast jobb. På den tida skulle dei helst avla ungar, byggja hus og kjøpa bil. Slikt får ein ikkje kjøpt med norrøne kasus eller matematiske parablar. Til slutt var fløyelsdressen utsliten, flekkete og slong om akslene som einmannstelt utan stenger.

Ein gammal lektor er som eit tre, rota er like lang som stomnen. Rota ser du aldri. Ho er der berre, ein stad under bakken, langt ned i jorda. Lektoren står ved tavla, dag ut og dag inn, kritkvit i håret og på jakka av flass og kalk og naturleg elde. Men han syg opp frå røtene merkelege formlar og forteljingar. Dei renn ut til klokka slår og ingen sit att.

Men lektorar døyr aldri heilt som andre. Dei berre turkar seint inn, slik at det til slutt er att berre skinn og bein og buskete augnebryn.

Lektoren er som ein linedansar utan sikringsnett. Han balanserer mellom sanning og løgn, humor og ironi, sinne og latter, tvil og tru, heilt til han ramlar og ligg ei lita stund. Men so må han kravla seg opp att og gå vidare.

Dei fleste lektorar er svært tunne. Gamle lektor Moldekleiv ved Voss gymnas var rund, men det måtte vera genetisk bestemt. Han sykla kvar dag, og klypene hans var alltid blanke.

Jakob Sande var lektor i Oslo, god drøymar og dårleg lærar. Med dei fleste lektorar er det omvendt. Nokre få er begge deler. Dei burde vore stoppa ut og utstilte på pedagogisk museum saman med Thor Heyerdahl. Han visste mykje og laug godt. Det må til skal ein vera ein flink lærar.

Lektor betyr ein som les, helst litt før og litt raskare enn andre. Det står ikkje at han må vera klokare enn andre. Men det hjelper godt.

Kvitanesen

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.