HELGETANKARMeiningar
Helgetankar:

Om å få, finna og koma inn

Det er mai. Det er vår. Det er konfirmasjonstid.

AV
Publisert

Og kateketen sine tankar er fulle av konfirmantar, konfirmasjonsfest, lister, preike, helsingar, reservertlappar, bunader, bøner, bønekort, forsongarar, blomar, lys og mykje meir. Eg er ikkje åleine om det. Både me som har arbeidet vårt i kyrkja og alle konfirmantane og deira familiar er opptekne av mykje av det same. Dette er helgetankane, og veketankane, våre på denne tida av året. Alt det praktiske rundt desse helgane tek mykje tid og krefter.

Eg gler meg over konfirmasjonsdagane. Ikkje minst over alle dei flotte ungdomane som kjem i kyrkja for bli konfirmerte. Dei har så mange kloke tankar og gode meiningar. Dei kjem med heile seg. Sprell levande ungdomar som høyrer til i kyrkjelydane våre.

Denne helga møter me ein preiketekst som går rett inn i noko av det kyrkja ynskjer at alle, ikkje berre konfirmantar, skal oppleva er sant om det å høyra til hjå Gud.

Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det opnast for dykk. Jesus sa desse orda. Det ligg gode løfte i dei. Løfte om at me skal få og finna og få koma inn.

Skal me få alt me bed om? Eg trur Gud ynskjer å gje oss berre det som er godt for oss. Det kan henda at det me bed om, ikkje er det beste. Om Gud ser at me treng noko anna, så får me kanskje ikkje nett det me bad om. Og kanskje finn me noko endå betre enn det me leita etter.

Eit barn som bed om brød, vert ikkje glad for ein stein. Og får nokon ein orm i staden for fisk – ja, då får me tru det var ein spøk og ikkje vondt meint. Jesus bruker eksempelet for å få oss til å forstå at Gud er meir enn menneska og difor verkeleg kan gje oss dei gode tinga i livet. Dei tinga som gjer at det er godt å vera menneske.

Samtidig med løftet om å få og finna og å koma inn gjer Jesus oss, menneska, ansvarlege for kvarandre. Det eg vil at andre skal gjera mot meg, det skal eg også gjera mot dei. Det handlar om at me skal sjå kvarandre og ta ansvar for kvarandre. Om at me bryr oss om dei me har rundt oss. At me inviterer inn nokon som treng å få koma på besøk. Kanskje utan at det er banka på hjå oss. Kan vera me kan sjå noko av kva andre treng utan at dei har bede om det. Kan vera andre leitar etter noko me har og kan gje vidare.

Eg trur desse orda gjeld både mellom oss menneske og i eit forhold til Gud. Ein Gud som ser alt me strevar med og er opptekne av ei helg i mai 2018. Og som kanskje både kan gje oss det me treng og hjelpa oss å finna det viktigaste. Kanskje er det senka skuldrer og mot til vera dei menneska me er skapte til å vera for kvarandre og for Gud.

Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det opnast for dykk.

Rønnaug Eng Skjeldal, kateket

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.