KVITANESENMeiningar
Kvitanesen:

Meld frå om du kjem!

Ulvik Herad har bestemt å stå aleine. Men ikkje heilt, for no har dei visst meldt seg direkte inn i EU eller EEC som me kalla det midt i førre hundreåret.

AV
Publisert

Du hendelse til framsteg det no vert på Brakanes. Blomane på Viknes skal berre vera blåe og gule slik som flagget, agurkene må ikkje krummast, sideren skal smaka fransk, ølet tysk og hunden skal gøy på italiensk. Ulvikasongen får ny melodi, no er det hymnen som gjeld og straumen skal gå att og fram på sjø og hav i søkk og kav.

Eg gjer meg ofte ein tur innom kommunehuset. Når ein bur einsamt på eit nes, er det alltid godt å koma i hus til folk og få prata litt. Litt om seg sjølv og mykje om gamledagar. I går stakk eg innom kontoret hans Nils og mimra om alt me gjorde på skulevegen, at me sat på mjølkerampen og såg på realskulejentene i vårvarmen og kasta ein stein på sjøen utanfor Muggenes.

Slikt tøys vert det slutt på no i Ulvik. Det har kome nye EU-reglar til bygda like tydeleg som evakueringsordren i 1941. Alle som vil leggja saka si fram for ein kommunetilsett, må fyrst innom Tenestetorget, ta hua av seg og presentera seg med fullt namn og gatenummer. Pass er det ikkje sagt noko om. So skal jenta (for det er mest jenter på slike torg) gå opp trappa, banka på døra og få med seg jordmora (om det hastar) eller kommuneingeniøren (om det hastar til neste år) ned i resepsjonen.

Det har to grunnar. Den viktigaste skal vera at den tilsette må få arbeida i fred for bygdafolk med rare tankar, skumle ærend og ville utbrot. Og dei kan koma med kniv og høygaffel om dei ikkje får viljen sin, dei kan ta strupetak om det går ein veg over innmarka eller dei kan ropa so høgt at øyrevoksen løysnar på varaordføraren. Slik vil ikkje EU ha det, og slik vil heller ikkje Ulvik Herad ha det.

Men ikkje alle land er like nøye med personvernreglane. Då eg og ein siderbonde helsa på ordføraren i Hardanges (i Frankrike, red.merkn.) i haust gjekk me rett inn på kontoret og vart mottekne som rette arvingar av Gange-Rolv. So kom felles kulturarv av alle slag på bordet og me skålte og song ei blanding av Mellom bakkar og berg og Marsaillaisen.

Men franskmennene gjer so dei vil. Det har me alltid visst.

Kvitanesen

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.