Kronikk:

Maur i ræva. Born med vanskar, eller skulen med vanskar?

Det er i naturen me er vortne menneske, kroppen kjenner seg attende!

AV
Publisert

ERFARINGAR EG HAR gjort meg gjennom mange år i barnehage, er at naturen er ein fantastisk læringsarena. Å få vera mykje ute og å få ta del i det læringsmiljøet, er noko som eg meiner i stor grad appellerer til born.

At mange foreldre ynskjer at borna deira skal gjera seg erfaringar ute i naturen, er ei positiv utvikling. Dette er òg ei utvikling som eg meiner gagnar borna.

Med naturen som metode vert kroppen heile tida stimulert og utfordra. Ein lærer gjennom leik og kjenner på meistring saman med kvarandre. Her byggjer me sjølvkjensle, og ikkje minst samhald og sosial kompetanse.

Å bygge gode relasjonar mellom elevar, og mellom elevar og lærarar, er svært viktig for læring. Godt læringsmiljø er tufta på samhald, venskap og kunnskap om kvarandre. Denne relasjons-bygginga har me svært gode erfaringar med i Villmarksgruppa.

Og mykje av tida vår saman er ute i skogen/naturen.

DÅ ER DET synd å sjå at stillesitjinga tek meir og meir plass når dei byrjar i skulen. Kan henda er det også slik at den motoriske erfaringa dei har med seg frå leik i naturen er med på å gjera dei betre utrusta til å sitja stille? Om det var målet.

Nyare forsking tyder på at fysisk aktive born er meir konsentrerte, mindre hyperaktive, og flinkare til å dela og å vera ein god venn enn andre born.

«Å sitje i ro er ikkje bra for oss menneske. Barn skjønar dette intuitivt, og rører på seg heile tida. Men hittil har skulen, med all stillesittinga i klasseromma, umedvite bidrege til å avlære dei denne grunnleggjande kroppslege kunnskapen». (forsking.no/G.K Resaland)

Er dei generelle krava til borna som byrjar i skulen heilt på sida av dei eigenskapane me dyrkar fram i barnehagen?

Ansvaret for trivnad og godt lærings- og leikemiljø ligg hjå skulen, barnehagen og foreldra. Ikkje hjå borna. Ynskje om meir dialog oss i mellom ville kunna leggja meir til rette for gode overgangar. Og ikkje minst, felles tankar om kva læring er for noko.

I SKULEN ER det tydeleg at timeplanen er pressa på alle kantar. Om ein ynskjer å leggja inn meir uteaktivitet, er det tilnærma umogeleg. Eg meiner det i mykje større grad bør leggjast til rette for at denne uteaktiviteten må bakast inn i faga som alt no er der.

SAMARBEID

Ikkje berre for lærarar som tykkjer dette er bra, men for alle lærarar! Og for at dette skal verka, er det naudsynt at leiarane på skulane tek dette inn over seg. Her hjelper det lite med enkelte eldsjeler i skulen, her treng me ei endring som alle er i lag om.

Eg har registrert, og det med stor glede, at fleire skular nyttar seg av ute-dagar som ein del av skulen sitt tilbod. Men eg hadde gjerne sett at alle skulane på Voss, saman med barnehagane hadde jobba for å leggja meir til rette for ein aktiv og organisert bruk av naturen som læringsarena.

OM EIN KUNNE tenkja seg at skulen­, i staden for heile vegen og i stor grad å måla det individuelle utbytet hjå eleven, let eit meir heilskapleg syn på læring råda. Der leiken har ein større plass for individet i felleskapet. Leiken som eit pedagogisk verktøy i læringa.

Saken fortsetter under annonsen.

Born lærer ved å bruka kroppen. I barnehagane er dette lagt til rette for i meir eller mindre grad, men dei lyt få høve til å halda fram å gjera seg erfaringar på denne måten inn i skulen.

Me veit, som tidlegare nemnt, at rørsle hjelper på konsentrasjonen. Samstundes veit me kor viktig leiken er for den sosiale og faglege læringa.

ME HAR MANGE dyktige lærarar som gjer ein strålande jobb, men me kunne gjort denne jobben endå betre om me la vekk fokuset på kor fort me skal læra. Og ikkje let oss overkøyra av politikarar og resultatorienterte foreldre. Ein må kunna lytta og stola på eiga fagkunne! På denne måten leggja meir til rette for borna si utvikling, og deira sjølvkjensle. Me må ikkje skunda oss å læra! Å læra skal me gjera heile livet.

• Er borna som kjem inn i skulen­ klare for å byrja der, eller må skulen gjera dei klare for å passa inn i den forma dei ynskjer?

• Kan det rett og slett vera skadeleg for mange born å møta eit skulesystem som i stor grad ynskjer at dei skal sitja stille?

• Kan eit tettare samarbeid mellom­ barnehagar og skule vera vegen å gå?

• Har skulen noko barnehagen kan læra av, og omvendt?

KRONIKK

I SKOGEN ER borna i Villmarksgruppa travelt opptekne med å samarbeida om å dytta pulken som er full av ved over myra og inn til leiren. Tre stykke dreg framme i tauet, mens tre andre dyttar bak.

Dei baksar seg gjennom djup snø. Men lyden av dei er latter ispedd prat og beskjedar til kvarandre om framdrifta av pulken. Dei meistrar i lag! Dei byggjer gode relasjonar og sjølvkjensle.

Me er ikkje berre på tur med eit mål om å koma fram. Me er der.

Borna finn seg til rette. Det er ikkje aktivitetar på rekkje og rad med klokke som rettleiar.

Koma oss ut i naturen! Det skuldar me borna våre.

Helge Tenol-Tuxen, utepedagog i Villmarksgruppa i Voss barnehage

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.