FINNESLOFTETMeiningar
Kronikk:

Matrikkelgardsnamnet Finne på Voss og samansetjinga Finnesloftet

Finne – eit gamalt og samansett namn.

AV
Publisert

Matrikkelgardsnamnet Finne er sett saman av to namnelekkar. Hovudlekken er i dag ein e og førelekken er finn. At namnet er sett saman av to slike namnelekkar er det vanskeleg eller umogeleg å sjå i dag. Grunnen er at namnet Finne er blitt trekt saman gjennom mange hundreår til ei form som i dag er ugjennomskodleg.

Den eldste kjende skriftlege namneforma for Finne som me kjenner til, er frå 1303. Då er namnet skrive Finnin. Elles er namnet skrive som Finnini, Finninni, Finnine eller Finneni mange gonger på 1300-talet. Det er ikkje mange stadnamn på Voss som er nemnde skriftleg så mange gonger i mellomalderen som gardsnamnet Finne. Dette fortel ikkje berre noko om sjølve namnet, men også om den posisjonen som garden Finne hadde i mellomalderen.

Desse eldste skriftformene av namnet Finne finn me hovudsakleg i mellomalderdiplom. Elles finst det nokre former av Finne i jordeboka Bjo rgynjar Kalfskinn som er frå ca. 1360.

Samansetjingslekkane i namnet Finne

Mellomalderforma Finnin fortel oss at namnet Finne då er sett saman av dei to namnelekkane Finn og in. Hovudlekken, eller grunnordet som me ofte kallar han, in, representerer appellativet vin. Nemninga vin var levande fram mot 800-talet, då gjekk det or bruk som ei levande nemning. Frå då av er vin berre kjent som ein namnelekk i gardsnamn.

Hovudtydingane til namnelekken vin er ’eng’, ’beite’, ’naturleg eng’ og grasmark’. Det tyder at gardsnamn laga til nemninga vin opphavleg har vore namnet eller nemninga på ei mindre avgrensa geografisk eining, som ei eng, og som seinare er blitt til namnet på ein heil gard.

Førelekken, eller utmerkingslekken som han òg vert kalla, i namnet Finne, altså Finn, finst det ikkje noko klar tyding av. Tradisjonelt har Finn vore tolka som grasnemninga finn, latin nardus stricta. Andre tolkingar har vore at utmerkingslekken kan vera laga til eit lokalitetsappellativ *finnr eller *finni med ei tyding som ’kvass kant av berg eller åsside’. Nemninga kan i så fall ha vore nytta om ein større markert haug eller ein rundvoren lendeformasjon på eller ved garden. Kan henda er det ei slik tyding som høver best for gardsnamnet Finne Voss, då det finst lokalitetar her som kan høva med ei slik tolking.

Vin-namn på Voss

Ein av dei stadene i landet der finst flest vin-namn, er Voss. Ja, det er faktisk her det finst aller flest vin-namn i Noreg. På andreplassen når det gjeld utbreiing av vin-namn kjem gamle Aker, Austre og Vestre, no Oslo kommune. Kvifor det finst eit slikt særeige distribusjonsmønster av vin-namn i Noreg, er enno uvist, men det gjev i alle fall gardsnamnsituasjonen på Voss eit svært karakteristisk preg.

Den produktive perioden for gardsnamnlagingar av vin-kategorien i Noreg reknar ein å vera frå ca. 200 e. Kr. og framover mot den såkalla landnåmstida. Landnåmstida var den perioden då nordmennene busette seg på Island, og som tok til ca. 870 e. Kr. Ein reknar med at svært mange av vin-gardane i perioden 200–800 vart til ved at eldre og større gardar vart delte opp i mindre einingar – som nettopp vin-gardar. På Voss ser me dette svært tydeleg ved at vin-gardane mange stader i bygda ligg som ein omkrins rundt eldre og mykje større gardar, som t.d. ei Bø-gard, i sentrum.

Gjennom hundreåra er namnelekken vin blitt redusert til former som ikkje er attkjennande. Restane av vin-lekken på Voss er no berre -e, -n og -ve. I dag står det berre att ein e i gardsnamnet Finne. I vin-namnet Bryn, opphavleg Brúvin, finst no berre ein n att. Og i gardsnamna Dolve, Dolvin, og i Lydvo, Lyðvin, finn me berre att v-en.

Finnesloftet, Finneloftet og Finnaloftet

Gardsnamnet Finne er altså eit samansett namn, sjølv om det er vanskeleg eller uråd å sjå dette i dag. Namnet Finne er så i sin tur nytta i nye samansetjingar som me i dag kjenner som Finnesloftet, Finnesvegen, Finneselvi, Finneshaugen, Finneshjellen og Finnesteigen.

Appellativet vin var gamal tid eit hokjønnsord. I genitiv var då forma vinjar og i dativ vinjum. Vin som usamansett namn finn me mange stader, også på Voss. Dativforma vinjum finn me att i gardsnamnet Vinjo, norrønt Vinjum. Og genitivsforma vinjar kan me finna att i samansetjingane Vinjadalen, Vinjaleitet og Vinjaråttungen og etter preposisjonen til, som styrer genitiv, som til Vinja.

Vin nytta som grunnord i gardsnamn er, som me har sett ovanfor, så sterkt redusert at nemninga er mest ikkje attkjennande. På Voss finst den berre som -e, -n og –ve som samansetjingslekk i gardsnamn. Alt i norrøn tid tok denne forenklingsprosessen til. Vin vart då gradvis redusert til det me kallar eit toponymsuffiks eller stadnamnsuffiks.

Saken fortsetter under annonsen.

Då vin-nemninga såleis vart redusert til eit namnesuffiks, vart vin lett utsett for påverknad frå andre substantivklassar mellom anna ved at genitivsformer på s pressa seg på. Genitivsformer på s, etter påverknad frå genitivsformer i hannskjønnsord og inkjekjønnsord, tok til å trengja bort andre genitivsformer på Voss frå slutten av 1200-talet. I samansette vin-namn på Voss er ar-suffikset på slutten av 1200-talet trengt bort av eit s-suffiks, og her har dei halde seg sidan og heilt fram til i dag, som i namneformene Finnes (Finnens).

KRONIKK

I nyare tid har kunnskapen om desse gamle genitivsformene for namnet Finne naturleg nok falle bort. Difor har ein sett på namneforma Finne som eit usamansett namn til liks med t.d. nemninga pinne. På denne måten har det oppstått nyare såkalla analogiske genitivsformer eller jamføringsformer med førebilete i andre nemningar som pinne, etter mønster frå t.d. i pinnakjøt og pinnastol, slik at me har fått den uhistoriske forma Finnaloftet.

På denne måten har òg former som den uhistoriske Finneloftet blitt til, med parallell i mønsteret pinnekjøt og pinnestol. Også her har ein oppfatta dei to nemningane Finne og loft som to usamansette einingar.

– Bruksfrekvens

Dersom me studerer bruken av dei tre skriftformene Finnesloftet, Finneloftet og Finnaloftet brukte i avisa ”Hordaland” dei siste 135 åra – frå 1998 til 2018 – er det forma Finneloftet som har vore lengst i bruk, frå 1891 til 2018. I denne perioden er namneforma Finneloftet nytta 379 gonger. Fordelinga gjennom desse 135 åra er nokolunde jamn med eit gjennomsnitt på 3 namn for kvart av dei 115 åra namnet er brukt. Flest namneformer Finneloftet brukt eitt einskilt år er 12 namn i 1952.

Namneforma Finnesloftet er mest brukt i perioden 1883 til 2018 med til saman 491 namn, men bruksfrekvensen for Finnesloftet er heilt annleis enn bruksfrekvensen for Finneloftet. Før 1950-åra er namneforma Finnesloftet lite nytta – og namnet er ikkje nytta før i 1912. Frå 1912 og fram til 1987 er namnet Finnesloftet i gjennomsnitt nytta 2,5 namn per år det er nytta, men frå og med 1988 er gjennomsnittet per bruksår 12,5 namn.

Det skjer altså ei markant endring i bruksfrekvensen av namneforma Finnesloftet frå og med 1988. Frå 1988 dominerer altså dei historisk ’korrekte’ formene Finnesloftet. Toppåret er 1994 med 30 namneformer Finnesloftet, elles vert det nytta 24 namneformer Finnesloftet i kvart av åra 1995, 2015 og 2016.

Namneforma Finnaloftet er berre nytta to gonger i perioden 1889 til 2018; éi gong i 1964 og éi gong i 2000.

Normerte namneformer

Normerte skriftformer tek i dag utgangspunkt i den historiske genitivsforma på s, Finnes-, som fell saman med den eine av dei brukte talemålsformene, den med historisk ’korrekt’ bakgrunn, det me kallar såkalla nedervd uttale.

Denne forma, Finnes-, står sterkt av di ho òg fell saman med skriftformer frå mellomalderen. Såleis høver forma Finnes- med retningslinene i lov om stadnamn.

Gunnstein Akselberg, professor i nordiske språk

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.