FRAMTIDALeiar
Leiar:

Voss og Granvin viser vegen

Om Granvin skulle verta overrepresentert i det fyrste, nye heradsstyret, skaper det ikkje problem for nokon, skriv Hordaland i denne leiaren.

AV
Publisert
Oppdatert:

Den nye prosjektleiaren for Voss og Granvin, Arild McClellan Steine, er på plass. Måndag startar dei 56 folkevalde i dei to herada arbeidet med framtida sin kommuneplan.

Dermed er samanslåinga av Voss og Granvin til det nye Voss herad for alvor i gang.

PROSESSEN MED SAMANSLÅING mellom Voss og Granvin må ha vore ein av dei mest smidige, og minst kontroversielle i heile landet.

Voss har ikkje vore ute for å fiska, og Granvin går inn med større entusiasme enn ein skulle kunna venta.

UTFORDRINGAR VIL LIKEVEL oppstå etter kvart, noko anna ville vera utenkjeleg. Den fyrste store styrkeprøven vert gjerne kommunevalet neste haust, og dette må nominasjonsnemndene ta til å tenkja på alt no.

Då vert det avgjerande at spesielt dei store partia kumulerer inn folk frå Granvin på sikker plass, slik at dei er sikra representasjon i heradsstyret.

Å GJE FRÅ seg plassar til Granvin vil vera ein låg pris å betala for store partia. Prisen kan derimot verta høg om valet skulle skapa misnøye i Granvin.

Om Granvin skulle verta overrepresentert i det fyrste, nye heradsstyret, skaper det ikkje problem for nokon. Skulle det motsette skje, ville det kunna skapa alvorlege problem for tonen i den vidare samanslåingsprosessen.

SAMTIDIG, OM GRANVIN får gode erfaringar, vil det kunna opna opp for andre delar av Hardanger i ein seinare etappe. Det er røyster i Hardanger som tenkjer i dei banar.

Saken fortsetter under annonsen.

Erfaringane dei fyrste åra, både i kommunevalet og kva som elles skjer, vil vera avgjerande for korleis andre vil sjå på ytterlegare samanslåing. Og omvendt, om Granvin no skulle verta «etne opp», vil det vera eit signal til andre om at dette må dei ikkje finna på.

FYLKESMANN LARS SPONHEIM gjesta Voss onsdag, og heldt føredrag om kommune- og regionsreforma, og konsekvensane for Voss og Hardanger. Det er verdt å merkja seg fylkesmannen sine synspunkt på behovet for endringar.

Inntektene frå olje og gass til staten Noreg er venta å gå ned i framtida. Samtidig får me stadig fleire pensjonistar, og det vert dyrt å ta vare på dei.

DERMED VERT DET behov for å utføra offentlege tenester meir effektivt, og stordriftsfordelar er ein av måtane å oppnå det på.

Men ikkje alt må effektiviserast. Eigen barnehage, skule og sjukeheim er viktig å ha lokalt i Granvin.

Andre ting, som leiarstillingar, kan delast på.

VOSS HAR OPPFØRT seg som ein raus forhandlingspart, langt rausare enn rykta i til dømes Ulvik kan framstilla Voss, proklamerte fylkesmannen.

Voss og Granvin er slik mellom føregangskommunane til ein meir moderne offentleg sektor.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.