LEIARLeiar
Leiar:

Viktig vurdering av Fylkesmannen om Bømoen

Eigarane av Bømoen AS må truleg ta ned omfanget av planen fleire hakk.

AV
Publisert
Oppdatert:

Slik ser det ut etter at tungtvegande fråsegner no er komne frå Horda­land Fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland – frå sistnemnde i form av eit notat.

Frå før har Voss kommunestyre gjeve uttale som går i same retning.

VOSS HAR NOK bustadareal til å dekkja framtidig folkevekst i overskodeleg framtid – utan realisering av Bømoenplanen. Dette er ein av Fylkesmannen i Hordaland sine viktige vurderingar i uttalen til områdereguleringsplanen for Bømoen.

Dermed ser det ut til å brenna eit blått ljos for bustadbyggingsprosjektet i Bømoen, iallfall i det omfanget utbyggjarane la opp til.

I SAME NOTATET poengterer Fylkes­mannen at han ikkje kan sjå at det er trong for å etablera nye bustader på Voss i område som er utsett for støy.

SAMTIDIG ANGRIP FYLKESMANNEN det store arealet på over 170.000 kvadratmeter som er avsett til forretningsdrift, kontor, industri og kombinert næring og idrett.

Fylkesmannen kan ikkje sjå at det trengst så mykje areal til desse føremåla.

FYLKESMANNEN BER NO om samtalar med Voss kommune, før dei gjev endeleg uttale der dei tek stilling til om det skal hefta statlege motsegner ved planen.

I EIN ANNAN uttale slår også Hordaland Fylkeskommune ned på det store omfanget for Bømoenplanen. 1000 bustader, slik planen legg opp til over tre byggje­trinn, er for mykje, meiner dei.

Saken fortsetter under annonsen.

Fylkeskommunen meiner likevel det kan byggjast 200 bustader, og støttar administrasjonen i Voss kommune i å setja grensa etter utbygging av trinn 1.

DEI KLARE SIGNALA frå Fylkesmannen og Hordaland fylkeskommune fell i ­sto­re trekk saman med innvendingane som har kome frå ei rekkje av innbyggjarane på Voss denne hausten.

DEI SOM HAR lagt rammene for planane ser ut til å ha vore for optimistiske når dei har skissert utbygging av 1000 bustader og forretningar og bustader på eit areal på inntil 4000 kvadratmeter.

Fylkesmannen meiner arealet må ­reduserast vesentleg for at ikkje Bømoen skal verta eit handelsområde i konkurranse med etablerte handelsstrukturar i kommunen.

ME STØTTAR DETTE. For det fyrste er det ikkje ynskjeleg. For det andre er det neppe behov. Alt i dag føregår ei stor utbygging av 300 bustadeiningar på Nyre, og fleire kjem i Handelslagskvartalet, i Elvegata og i Karibyen. Det er også godkjent utbygging av 130 bustader på Rene.

Fleire nye bustadprosjekt er realiserte, og ting tyder på at bustadpresset på Voss ikkje er så stort lenger.

UTBYGGINGA AV BØMOEN er ei opprivande sak for bygda. Derfor er det kanskje ekstra stor grunn til å leggja vekt på uttalane som kjem frå dei fremste fagfolka i fylket.

Leiar

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.