AKTIVITETLeiar
Leiar:

Treningspark, utebasseng og aktiv fritid

Tida går fort, me er alt i juni, som er ein av månadene då distriktet vårt verkeleg vert sett på kartet.

AV
Publisert

DET STARTA ALT i morgontimane i dag, med det fyrste av dei store arrangementa knytt til bygda. Meir enn 2000 syklistar inntok hjartet av Vossevangen, etter ein 164 kilometer lang sykkeltur frå Bergen.

Frå klokka 10 og utover kom dei beste syklistane i mål i Vangsgata, og utover dagen har arrangementet sete sitt store preg på bygda.

MEN DETTE ER berre starten. Om 14 dagar inntek tusenvis av fotballspelar bygda. Og saman med dei, tusenvis av foreldre, sysken, besteforeldre og andre interesserte. Dei fleste frå Bergen, som gjennom Voss Cup får ei nær og god tilknyting til vossebygda.

14 DAGAR SEINARE seinare er det Ekstremsportveko sin tur. Då inntek ekstremsportutøvarar bygda, saman med ungdomar i alle aldrar som vil nyta festivallivet sine gleder med musikk og fest. Samstundes vert spektakulære filmopptak spreidde utover heile verda.

PARALLELT SKJER NO ei ytterlegare utvikling av Voss i same spekteret. Onsdag opna treningsparken ved Vangsvatnet. Den vert garantert eit positivt tilskot i tillegg til sykkelbanen, eller pumptracken som det heiter, som ligg der frå før.

Folket i distriktet og gjestene som kjem hertil ser ut til å elska aktivitet. Dette er noko av imaget vårt.

I DETTE BILETET høyrer også Utebassenget heime. Det er spennande tankar styret for Vossabadet kjem med når dei ynskjer å driva Utebassenget og Vossabadet i fellesskap.

Saken fortsetter under annonsen.

Ideen er god, og byggjer på eit folkeynskje om å halda på Utebassenget som ser ut til å vera sterkare enn mange var klare over.

UTEBASSENGET FEKK TILDELT spelemidlar i 2004. Slik sett er det ikkje uproblematisk for Voss kommune å leggja ned bassenget. Det vil sannsynlegvis medføra krav om tilbakebetaling av delar av tilskotet.

Kvifor ikkje heller nytta desse pengane til ei opprusting av Utebassenget? Tanken må iallfall vurderast.

UTEBASSENGET, VOSSABADET, TRENINGSPARKEN og pumptracken fell alt saman inn i det som er vossebygda sitt særpreg. Aktivitet med fysisk utfalding i vakker natur. Det finst mange andre døme på det same.

Det finst langt verre ting me kan bruka pengar på å leggja til rette for. Fleire næringslivsaktørar, som bankane og andre verksemder, viser seg interesserte i å bidra med pengar til bygda sitt beste.

AT DISTRIKTET HAR ein spesiell status, viser seg også når kjøparar pungar ut med 10,4 millionar for ei leilegheit i Myrkdalen. Myrkdalen byggjer seg opp som ein heilårsdestinasjon, med rikhaldig tilbod av aktivitetar. Dei treffer folk som ynskjer ei aktiv fritid.

HER HAR BYGDENE våre moglegheiter og stort potensial. Me har god plass utanfor mylderet. Samtidig har me varierte tilbod som er viktig å ta vare på og utvikla.

Aktivitet, trivsel og sosiale møteplassar er framtida.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.