TA UTDANNINGA TILBAKELeiar
Leiar:

Reiselivsutdanning må tilbake til Voss

Reiseliv er ei av dei viktigaste, største og mest veksande næringane i distriktet vårt.

AV
Publisert

AT TURISTREGIONEN VOSS ikkje lenger skal ha reiselivsutdanning, er ut frå det ein liten skandale.

Hordaland fylkeskommune har vedteke ikkje å gjenoppretta reiselivslinja som var planlagd ved Voss gymnas.

Kvifor dei gjer det i ein region som er så sterkt prega av satsing innan reiseliv, er uforståeleg.

UTDANNING INNAN REISELIV trengst i området vårt.

Alle hotella, destinasjonsselskapa og andre som tek imot reisande, har behov for norsk og lokal arbeidskraft.

LOKAL UNGDOM SOM er på leit etter eit framtidig yrke i vossaregionen, treng også tilbodet.

Innan reiseliv er det mogleg å finna seg spennande levevegar i ein bransje med stadig utvikling.

Det er synd dei unge ikkje får denne sjansen.

FLEIRE AV UNGDOMANE som hadde tenkt seg reiselivsutdanninga, kjem no truleg til å velja andre utdanningsvegar.

DETTE BANAR I staden vegen for endå fleire utlendingar inn i hotellresepsjonar og tilsvarande arbeidsplassar.

Og det er synd, for det er ikkje berre utanlandske turistar som kjem hertil.

Og uansett er det alltid kjekt for turistar å møta lokalfolk.

NOKO AV FØREMÅLET med vidaregåande utdanning, er at den skal støtta opp om regionalt næringsliv.

Fylket sitt vedtak heng dårleg saman med dette.

Saken fortsetter under annonsen.

REISELIV ER EI kjempeviktig næring, ikkje berre for Voss, men også for Flåm, Gudvangen og Hardanger.

Kvifor ein ikkje skal halda moglegheita open for at norsk ungdom skal få utdanna seg her, er vanskeleg å sjå.

Fylkesrådmannen burde gje Voss si kanskje fremste næring sjansen til å utdanna folk lokalt, når det ligg ein skule her som ifylgje skulebruksplanen skal ha dette tilbodet.

REISELIVSFYLKET HORDALAND FÅR no berre éin skule som tilbyr reiselivsutdanning, ved Amalie Skram Vidare-gåande i Bergen. Det er ikkje mykje. I landet totalt tilbyr 23 skular denne studieretninga.

Hordaland fylke er såleis underrepresentert med utdanning innan reiseliv. Dette er merkverdig.

VÅRT KRAV OG håp er at politikarane i fylket ser på saka med nye augo.

Reiselivet er spådd ein stor vekst i regionen dei komande åra, og den nye Hangursbanen aukar optimismen.

Landet, fylket og Voss treng reiselivsutdanning her i bygda.

SJØLV OM TOGET er gått for utdanninga på Voss neste skuleår, bør vedtaket revurderast med tanke på framtida.

Det er viktig at me får god tilgang på lokal arbeidskraft også i denne typen jobbar.

OGSÅ KAMPEN FOR teknisk fagskule som heiltidsstudium på Voss må takast.

Utdanninga på heiltid er betre og gjev meir menneskeleg kontakt enn eit nettstudium.

Sentralisering til Bergen er også her ei svært dårleg løysing.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.