OLYMPIARARLeiar
Leiar:

Olympiarar i vår eiga bygd

– Olympiske leikar er flott. Breiddeaktiviteten i vår eiga bygd er ei like god side av same saka, skriv Hordaland på leiarplass.

AV
Publisert

Nye skianlegget på Drevtjørn i Ulvik opna førre veke, med skiløyper, skicross, hopp og varmestove. Norsk skiidrett på sitt beste, seier mange om det.

LØYPEKØYRINGA I VOSS ski- og tursenter, med Herresåsen som sjølvaste juvelen, er for lengst kome i godt gjenge att. Hundrevis av mosjonistar på ski er i aksjon mange av dagane, kanskje over tusen i helgane.

Løypekøyrar Per Ove Himle og hans medarbeidarar gjev oss løyper og eit løypenett som nesten har revolusjonert friluftslivet på Voss.

OGSÅ I SKILØYPENE på Dalane er det leik og aktivitetar fleire kveldar i veka i regi av Bulken IL. Det same finn me i Årmotslia som har fått eit oppsving. Der har Eldar langrennskarusellar. Tilsvarande tilbod finst i Haugseåsen i Granvin og andre stader i distriktet.

FOR IKKJE Å snakka om alt som føregår i alpinanlegga våre. Både i Myrkdalen, Bavallen og på Hangur ser me stadig utvikling og forbetring. Jamvel Oppheimsheisen er i drift att.

I VOSS RESORT gjev nytt ljosanlegg kveldskøyringa ein ny dimensjon.

Snøproduksjonsanlegg som skal gje snø rundt Hangurstoppen til slutten av mai, understrekar Voss sin profil som skibygd.

NOKO AV ALT dette er kommersielt, men mykje er dugnadsbasert. Når me ser på all aktiviteten, er det sannsynlegvis ein viss samanheng i at Voss har hatt deltakarar i alle olympiske leikar sidan 1948, bortsett frå i Sapporo i 1972.

OL I PYEONGCHANG er alt godt i gang, med Hilde Fenne og Vinjar Slåtten mellom dei norske deltakarane.

På arrangementssida er Kristin Lemme og Sofie Torlei Olsen på plass.

Saken fortsetter under annonsen.

ALLE ER FLOTTE representantar både for Voss og for idretten, som dei fleste andre som deltek.

IDRETTEN ELLES HAR opplevd skandalar i for stort omfang gjennom fleire år med doping, korrupsjon og altfor høge barrekningar.

DÅ ER DET godt og frigjerande med alt me kan ta oss til i vårt eige nærområde.

For ikkje berre har me anlegga. Me har også den frie naturen rundt oss som kanskje er den vakraste leikegrinda av dei alle.

Og den kan me berre gå rett ut i.

SJØLVSAGT SKAL ME kosa oss med OL på fjernsynet dei neste vekene.

MEN DEI BESTE olympiske leikane er kanskje det som føregår kvar dag ute i løypene og terrenget her i vårt eige nærområde.

Den sanne olympiaren er kvar og ein som opplever glede ved å gå, skri eller hoppa på ski eller driva annan trivselsbringande aktivitet.

Det viktigaste er å koma seg ut, anten det er ein kort eller lang tur.

OLYMPISKE LEIKAR ER flott. Breiddeaktiviteten i vår eiga bygd er ei like god side av same saka.

Me kan alle vera olympiarar her i OL-bygda. Lukke til!

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.