JERNBANE: Leiar
Leiar:

No må jernbanen byggjast ut

Bergen–Oslo er den tredje mest trafikkerte flystrekkja i Europa. Det er bortimot galskap i ei tid der me kjempar for å ta vare på kloden vår.

AV
Publisert

Noreg skal liksom vera eit føregangsland innan miljø, men eit slikt faktum tyder på det motsette. Fly er som kjent noko av det som ureinar aller mest.

DERFOR GJELD DET å få fortgang i arbeidet med å gjera Bergensbanen raskare og tryggare. Det vil i klartekst seia at arbeidet med Ringeriksbanen må startast opp seinast i 2021.

STREKKJA MELLOM HØNEFOSS og Sandvika er viktig fordi ho vil korta inn reisetida med tog mellom Bergen og Oslo med éin time.

Med reisetid på 4 timar vil toget verta konkurransedyktig på ein heilt annan måte enn i dag.

TOGET VIL DÅ trekkja trafikk vekk både frå bilvegane og flya. Dette vil redusera talet på trafikkulukker og alle dei personlege tragediane som dei medfører. Og ikkje minst er toget mykje meir miljøvenleg enn flya.

ALDRI TIDLEGARE HAR Ringeriksbanen vore nærare realisering. No gjeld det å halda trykket oppe slik at arbeidet faktisk kjem i gang i 2021 og ikkje ein dag seinare.

DET SOM SKAL til, er at regjeringa løyver nok pengar til planlegging. Organisasjonen Forum Nye Bergensbanen er på hogget med Hilde Magnusson i leiarstillingen. No treng dei støtte og påtrykk frå alle hald.

PÅTRYKK TRENGST OGSÅ til å få ny jernbanetrasé heile strekkja mellom Arna og Voss så fort som råd.

Saken fortsetter under annonsen.

GLEDELEG NOK SER me at grunnlaget er til stades for å satsa på Vossebanen og Bergensbanen. Trafikken har auka med åtte prosent på Vossebanen.

Også Bergensbanen opplever større trafikkvekst enn landet elles.

DEI NYE FLIRT-TOGA gjer det endå meir attraktivt å reisa med tog når dei no vert sette inn i ordinær trafikk.

Denne veka kom dei to fyrste togsetta, og det er i seg sjølv ei historisk hending.

NYTT MATERIELL PÅ Vossebanen har me nemleg ikkje fått sidan 1952. Det er såleis 66 år sidan sist. Og definitivt på høg tid.

I TILLEGG TRENGST det tidsmessig jernbane til å køyra dei nye toga på. Delar av strekkja mellom Voss og Bergen er forhistorisk, og toler berre 30 km/t.

ARBEIDET MED Å byggja ut jernbanen mellom Bergen og Oslo har vore forsømt i lang tid.

No må Ketil Solvik-Olsen og Erna Solberg syta for å få pengane på bordet.

DET ER TRASS alt 26 år sidan Stortinget fyrst vedtok at Ringeriksbanen skulle byggjast.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.