HELGETANKARMeiningar
Helgetankar:

Kven er Kristus og kyrkja for?

For mange år sidan skulle eg leia ei skrifte­målsgudsteneste. Den bar preg av ettertanke og stille.

AV
Publisert

Det kan med jamne mellomrom vera godt og naudsynt å gå i seg sjølv, gjera opp status og staka ut ein ny kurs.

På denne gudstenesta kom det to konfirmantar som eg visste var av det svært urolege slaget. Eg fekk panikk og tenkte at dette går ikkje, dei kan ikkje vera med. Eg eg bad desse to gå, for eg trudde dei ville koma til å skapa uro. I ettertid er det få ting eg har angra slik på.

Det viste seg at sjølv om eg prøvde å vera velmeinande i høve til dei som eg trudde ville koma for å få ei stille stund, gjorde eg noko som var gale. Eg avviste nokon.

I staden for å bruka tid på å forklara kva som skulle skje, aviste eg dei to potensielle­ bråkebyttene. Rett nok fekk eg snakka med desse to seinare, forklart og gjort opp. Me fekk då ein god prat om det som var skjedd. Likevel, eg gjorde nok feil.

I dagens tekst møter me Jesus som er på vitjing hjå ein tollar. Tollaren arbeidde for romarane, okkupasjonsmakta. Det gjorde at han var å sjå på som ein landssvikar. I tillegg hadde tollarane, på Jesu tid, eit rykte på seg for å vera uærlege og å stappa pengar i eiga lomme. Det var ikkje besteborgar og dydsmønster Jesus var i gjestebod hjå.

I samfunnet vårt finst det mange fordommar om kven Kristus er for. Diverre finn me det stundom innan kyrkja òg. Det er lett å koma med festtalen om at Jesus kom for alle menneske si frelse, men å leva etter det i praksis, er ikkje alltid like lett. Det skal så lite til før ein kjenner seg utestengd. Det er fort gjort å setja andre i bås, der nokon er gode nok, andre ikkje.

Det er òg slik menneske ikkje trur dei er gode eller flinke nok, trur nok, eller finn alle slags grunnar til å ikkje koma til Jesus. Me finn mange grunnar for å ikkje våga koma til Gud.

Det Jesus viser oss med sitt møte med tollaren er at han kom til alle. Ikkje berre dei som trur dei er perfekte. Han bryr seg ikkje om eit menneske er ein liten eller ein stor syndar. Det han bryr seg om er om han vert ynskt velkomen.

I teksten i dag seier han: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei som har det vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til omvending». Så er det ikkje kva du har gjort eller kven du er som tyder noko. Jesus ynskjer å vera der for deg. Han seier i Matteus 11,28: «Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!».

Du er med dette invitert til samfunn med Jesus!!

Magnar Haaland, Sok­ne­prest i Ulvik og Granvin

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.