HELGETANKARMeiningar
Helgetankar:

«Kom og sjå!»

Tre velkjende ord når me har med ivrige born å gjera.

AV
Publisert

Borna vil så gjerne at dei vaksne skal ta del i gleda over kva borna til dømes har sett, fått eller oppdaga. Eller det er oss vaksne som ynskjer å invitera menneske heim til oss: Kom og sjå korleis eg har det. Andre døme kan vera menneske som er svært gode på å få andre med seg. Det kan vera som medlem er i ein idéell organisasjon eller eit kyrkjesamfunn. Ein må vera med sjølv og sjå kva dette er for noko.

I teksten for komande sundag møter me døyparen Johannes som er i lag med to av læresveinane sine. Då Jesus kjem, stadfestar Johannes at der er «Guds lam». Me les vidare at desse to læresveinane fylgjer etter Jesus. Jesus stopper opp og spør kva dei leitar etter. Læresveinane svara «Rabbi» som tyder lærar – «kvar bur du?»

«Kom og sjå», svarar Jesus og bed dei med seg til der han bur. Vidare i teksten høyrer me om fleire som vel å fylgja med Jesus etter at Jesus har bede dei fylgja med han. Likevel var nok ikkje alle overtydde om at Jesus hadde noko å koma med. Fyrst då dei slo seg i lag med Jesus, såg og opplevde dei at dette var Messias som dei kjende att frå det dei hadde høyrd om i Mosebøkene.

Desse personane vert etter kvart dei tolv læresveinane til Jesus. Å fylgja etter Jesus er ikkje noko dei gjorde av di dei var overtydde av overnaturlege fenomen. Jesus sa fleire gonger til læresveinane at dei skulle oppleva større ting. Så og til Natanael i vers 50.

Til tvilaren Tomas, sa Jesus: «Salige er dei som ikkje ser, men likevel trur» (Joh. 20,29).

Dette vert òg orda til oss. «Kom og sjå!» Me ser ikkje og skjønar ikkje alt, men me må fyrst koma, og så kan me få sjå og oppdaga meir.

God helg!

Annlaug Halvorsen Engmark, diakon i Odda, Tyssedal, Skare og Røldal

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.