Kronikk:

Jol og melsdagar – nokre jolarefleksjonar

- Den gode maten bognar på fat og i skåler. Pinnekjøt, lutefisk og ribbe. Konfekt, kaker og riskrem.

AV
Publisert
Oppdatert:

Dagane mellom jol og nyttår er som ei verd for seg. Tida står stille, ein kjem av dagetalet, alt maset er over, roa og refleksjonane styrer og ettertankane tek over.

Bøkene som aldri vart lesne ferdig, kjem fram att. Den gode maten bognar på fat og i skåler. Pinnekjøt, lutefisk og ribbe. Konfekt, kaker og riskrem. Sirupsnippar, goro, krumkaker, sandkaker, smultringar, jødekaker og kransekakestenger. Mandarinar, appelsinar, hasselneter, valneter, paraneter, dadlar og fiken. Jolebrus, jolekaffi, jolete, jolebrød, jolenek, joletre, joletrepynt, joleserviettar, joledukar, joleljos, jolebukkar, joletrefestar, joleball og jolehefte. Smørbukk, Tuss og Troll, Vangsgutane, Stomperud, Finbeck og Fia, Carl Barks og Bustenskjold. Og jolenissar. Over alt.

Jolekalendaren er tom, men magane er fulle. Og dei vert fullare og fullare. Etter jol skal dei tømast. På treningssenter, på joggeturar og med slankemenyar. Då skal feittet av og sukkeret ut. Men mellom jol og nyttår skal det fyllast på. Dess søtare og feitare, dess betre. Kvar dag. Heile dagen. Å, kor godt det er. Heldigvis jol berre ein gong om året. Eller no er det vel eigenleg jol heile året.

DESSE MELLOMDAGANE BER ber mange namn. Mellomjola. Romjola. Melsdagane. Ytterpunkta er jol og nyttår. Jol. Smak på ordet. Det sit godt i munnen. Jol. Fyldig og godt. Nesten som ein konfekt.

Ein konfekt med rund og fyldig aroma. Som smeltar på tunga. Me er heldige som har nemninga jol. Det er eit ord som sit. Sit skikkeleg. Og det har sete slik i uminnelege tider. Lenge før kristendomen kom til landet. Lenge, lenge før. Jol har me feira nesten så lenge som nordmenn har funnest.

Christmas har engelskmennene berre feira i nokre hundreår. Ja, ja, vel tusen då – kanskje. Christmas tyder rett og slett Kristus-messe. Altså noko nymotens greier og påfynster. Jol derimot har lange tradisjonar og solide røter. Det er altså ikkje berre smaken, aromaen og fylden. Ikkje minst er det røtene. Dei lange, seige, djupe og mjuke røtene. Dei snor seg over alt, inn i alt og under alt. Utanfor oss, utanpå oss og inni oss.

NÅR KVELDANE VERT mørkare og morgonane dimmare, ser mennesket framover. Mot ljosare kveldar og solrike morgonar. For éin dag snur det. Mørkret vik for ljoset. Og ljoset stormar etter kvart fram. Fortare og fortare. Til slutt er det nesten ikkje skilje mellom natt og dag. Dei vert begge nesten like ljose. I alle fall her nord. Ja, slik er det no ved joletider. Dag og natt er begge nesten begge like mørke. I alle fall nesten. Då kjem automatisk lengten. Mot ljosare tider.

Kyrkja tok dette raskt, og la Kristus-messa til dette sentrale årlege vendepunktet. Kultkontinuitet har ein kalla dette. Ja visst. Av di ein hadde feira solsnuen gjennom tusenvis av år før kristendomen kom her nord. Jol var ei slik markering. Jol tyder kan henda eigenleg ’ein snu’, ’ein sving’, ’ei vending’.

DET SPRÅKLEGE OPPHAVET til jol har etymologane – det er dei som granskar den historiske bakgrunnen og opphavet til orda – vore svært usamde om. Men når me ofte held moro med å helsa «God hjul!» i staden for «God jul!», er det likevel kanskje ikkje så språkhistorisk fullstendig toskete – eller komisk – som det kan høyrast ut.

Sidan jol opphavleg har vore ei årstidsmarkering og ljosskiftefeiring, burde det kanskje liggja nær å hypotetisera eit språkleg vendepunktinnhald. Og dersom me gjer det, er me kanskje på eit rett – eller kan henda heller eit bøygd, snudd, vendt – etymologisk jolespor.

SOM SÅ MANGE andre samnamn i det norske språket, har altså ogso jol ein omdiskutert etymologisk bakgrunn. Likevel har jol i alle fall fellesgermanske røter. I norrønt var forma jól. Nyislandsk og færøysk har òg jól. Svensk og dansk har forma jul. Gamalengelsk, som først heitte angelsaksisk, hadde geoh(h)ol og géol/geola, mellomengelsk hadde yol og i nyengelsk finst yule. I norrønt var ´ylir månaden frå midten av november til midten av desember.

Eit av mange tolkingsframlegg er at jol kan ha etymologisk samanheng nettopp med samnamnet hjul. I gamaldansk hadde hjul forma hiul og i norrønt var forma hjól og hvél. Nyislandsk har hjól og hvel og færøysk hjól og hvæl. Gamalengelsk hadde hweol og hweowol, som har bakgrunn i germansk *hwéhwula- til eit indoeuropeisk *kuékuelo- som er ei laging til *kuel- ’snu, dreia’.

Og det er her jol kjem inn. Jol kan nemleg ha samanheng med *kuékuelo- og *kuel- gjennom forma *kuekulo- ’dreiing, årsskifte’. På same måten som hjulet snur, snur også året. Men trass i at det i slike resonnement kan vera mykje usikkert og mange spekulasjonar, gjev dei likevel eit nyttig perspektiv på samanhengen mellom språk og natur, og mellom språk og kultur.

FORMA JUL ER blitt eit språkleg imperialistisk symbol på og uttrykk for at talespråket lir under maktovergrepa frå skriftspråket. Mange kvir seg rett og slett for både for å skriva og seia jol i mange situasjonar av di dei er redde for at det høyrest bondsk, gammaldags og faktisk litt avsidesliggjande og tilbakeståande ut.

Jul, derimot, er kult, hipt, ungdommeleg, urbant og framtidsretta. Jul har status, tyngde, verdi og aksept. Jol vert i beste fall sett på som noko eksotisk og morosamt, eller som ein museal og verneverdig språkleg relikt. Som eit slag talespråkleg arkeologisk funn, som nesten er utdøydd i det offentlege rommet og berre finst nedst i bosspannet, under kjøkkenbordet, i bortgøymde krokar i stova eller under dyna på soverommet.

Saken fortsetter under annonsen.

Stakkars jol. At det skulle gå slik med deg. Til og med på tjukkaste Voss! Språkleg maktarroganse, språksosial tvang og den neonlysande jula tok knekken på deg. Berre nokre stabeisar held ut og lovprisar jola gjennom skrift- og talemål.

For ikkje å snakka om samansetjingar med nemninga jol, som vetlajolaftan, ei nemning som også ligg på dødslægjet av di lillejulaftan snik seg inn og dominerer etter kvart dei trongaste Vestlands-dalar.

SAMELEIS HAR DET gått med nemningane på tida mellom jol og nyttår, mydlojolæ. Den ekspanderande astronautisk-klingande nemninga romjul har slått ut alle lokale nemningar på denne viktige tidbolken som markerer overgangen frå mørker til ljos.

Altså eit anna døme på ei slags språkleg valdtekt. Som alle let seg frivillig utsetja for, og som dei fleste aktivt utøver mot seg sjølv. Ja takk, meir enn gjerne! Me elskar språkleg vald. Språkvald er så praktisk, funksjonelt, lettvint, omgjengeleg, attraktivt, lettstelt og – ikkje minst – allment og over alt akseptabelt.

Ingen spørsmål, ingen småe flir, ingen undringar, ingen lett oppgitte miner og språklege frustrasjonar. Berre rett og slett «God jul i romjula».

ROMHELG HAR VORE nemninga på dagar som var ’nesten helgedag’ eller ’halvhelg’. Romhelgedag har også vore nytta om slike dagar. I norrønt fanst nemninga rúmheilagr dagr ’dag som er ikkje påboden å haldast heilag ved lov’, i motsetnad til lǫgheilagr dagr ’dag som er påboden å haldast heilag ved lov’.

Norrøn rúmheilagr tyder ’som ein ikkje treng å halda strengt heilag’, og er laga til norrønt rúmliga ’rommeleg’.

Perioden mellom jol og nyttår er ein slik ’rommeleg’ periode av ’halvhelg’-karakter, og nemninga på heile denne perioden har difor vorte romhelg eller romjul.

PÅ VOSS FINST derimot den gode nemninga melsdagane om overgangstida mellom jol og nyttår. Fyrstelekken mels- har bakgrunn i norrønt meðal ’mellom’.

Slike samansetjingar var vanlege i norrøn tid. Til dømes finn me same samansetjinga i gardsnamnet Melve på Voss, norrønt Meðalvin, altså ’vin-garden som ligg mellom (andre vin-gardar)’ eller ’den mellomste vin-garden’. Det vil seia vin-garden Melve som ligg mellom vin-gardane Endeve og Helleve.

Samnamnet vin ’grasmark’ var døydd ut før norrøn tid, og finst i norrøn tid berre som språklege leivningar i stadnamn, dvs. gardsnamn. Og me finn den same komposisjonstypen i andre namn som t.d. Melsvatnet som ligg mellom Lundarvatnet og Lønavatnet.

MEN ROMJULA ER etter kvart i ferd med å ta kverken på nemninga melsdagane, og dei språklege kverkemetodane er mykje dei same som vert nytta i kampen jul mot jol, og resultatet er også mykje det same: Ytre språkleg maktarroganse og maktovergrep kopla med individet sine eigne sjølvpålagde språkreguleringsmekanismar stryk gradvis melsdagane ut or levande språkbruk, og etter kvart kjenner ein kanskje berre til ordet melsdagane, men veit ikkje heilt kva det tyder. Og til slutt har ein ikkje høyrt om melsdagane i det heile.

Slik er etter kvart den praktisk-leksikalske språkstoda om tilhøvet mellom jol og jul – og særleg mellom jol og nyttår.

GOD JOL OG godt år i vente!

Gunnstein Akselberg, professor i nordiske språk

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.