Innspel:

Tempus fugit

Kva skal du bruka tida di på? Om du har tid då. Det er det ikkje alle som har.

AV
Publisert

Dei fleste har faktisk ikkje noko særleg tid til overs.

Eller så har dei dårleg tid. Ingen vil jo eigentleg ha dårleg tid.

Dårleg er ikkje bra. Ein vil jo heller ha god tid.

Kvalitetstid.

DET ER EIN evig kamp for å få tak i nok tid. Av den gode typen.

Sit du der med fanget fullt av dårleg tid, så er det ikkje noko særleg.

Då må du til slutt skjera igjennom og prioritera knallhardt.

Då må du rett og slett ta deg tid. Men kvar skal du ta den tida ifrå?

Det er ikkje lett å finna tid til overs.

Og om det er tid til overs, kan det vera at nokon alt har tatt ho. Det finst nemleg fleire og fleire tidstjuvar.

Tjuvar som stel tida di. Nesten utan at du merkar det.

Telefonen din for eksempel.

NO BRUKAR VAKSNE folk i gjennomsnitt tre timar på mobilen kvar dag.

Tre timar kvar dag.

Det er to fotballkampar. Det er nok tid til å laga ein femrettars meny til familen.

Eller lesa alle avisene du har liggjande, som du skal lesa, men som du veit kjem til å hamna ulesne i papirboset.

E-post er ein annan tidstjuv.

Då e-posten kom for fullt for om lag tjue år sidan, så vart det sagt at no kom ein til å spara masse tid på å senda brev.

Eit eller anna gjekk gale her.

Me fekk jo ikkje 3-400 hundre brev for dagen i postkassa før. Det stod ikkje eit stort raudt skilt på postkassa der det stod: «Du har 1859 uleste brev».

Du ville fått senebetennelse av av å opna alle saman.

No får du musesykje i staden for.

Saken fortsetter under annonsen.

MEN DETTE ER jo berre toppen av tidsfjellet.

Som sakte smeltar.

For det er jo ikkje grenser for kva du må gjera med tida di.

INNSPEL

Du må stå opp, du må setja på kaffi, du må ta kaldt vatn i fjeset, pussa tennene, bruka tanntråd (for det blir faktisk hôl imellom der), du må ta litt stash i håret slik at det ser ut som at du akkurat har stått opp, du må kle på deg, få opp ungane så dei ikkje kjem for seint, laga niste, du må ta deg ei sjeva med fårepølsa og ei med brunost, du må høyra på nyheitene på radioen, du må ta tran, sanasol, ginseng, raud solhatt og johannesurt, du må få ungane ut døra så dei ikkje kjem for seint, du må komma deg ut døra så ikkje du kjem for seint, du må springa til bussen, du må hoppa ombord, du må stå der og sjå på alle dei andre som ser lika månebedottne ut som deg, du må hoppa av på rett stopp, du må springa til møtet, du må senda mail til Gunnaren om det som skjedde i går, med kopi til Kurt, Ivar, Nils, André og Kenneth, du må få deg ein sånn kyllingsalat i kantina, du må komma deg frå rådhuset til fotballbanen på 13 minutt, du må heia av full hals mens det pøsar ned, du må finna ein sunn middag på butikken og iallfall ikkje noko med tomat i, du må ikkje gløyma at det er bridgekveld denne gongen, du må ta ut boset og rensa sluken, nett sjekka at Gunnaren har svart på mailen, du må lesa eventyr (men passa på å utelata dei drygaste delane), syngja og byssa, endeleg krabba opp i sofaen, skru på den episoden på den nye serien de har teke til å sjå på som du sovna til i går kveld sånn at du kan sovna til den igjen no i kveld, vakna to timar seinare heilt utkøyrt, krabba ut av sofaen, pussa tennene og gå og leggja deg.

DET ER IKKJE berre, berre.

Så kva gjer du når alle stel tida di?

Det er berre éin ting å gjera.

Stel ho tilbake.

Svar med samme mynt. Snik til deg ein time her og ein time der.

Den tida du stel, kan du bruka til kva som helst. Du bestemmer.

Sitja i undiken og eta is.

Få deg ny sveis.

Ta ei øl med ein gammal kompis.

OM NOKON TEK til å masa, hald hovudet kaldt.

Sei ting som:

• Beklagar, eg er opptatt.

• Eg kan dessverre ikkje.

• Neste gong blir eg med.

Eller det aller beste:

• Nei.

Sjur Hjeltnes, Voss

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.