KOLLEKTIV FORNUFTInnspel og kronikkar
Innspel:

Sammen så veie vi flere tonn

I vår individ-dyrkande tid der sjølvrealiseringa tek stadig nye vegar, burde nokon seia som den vesle guten i «Keiserens nye Klæder»: «Men han har jo ikke noget paa.»

AV
Publisert
Oppdatert:

Eg har ikkje nokon nyttårslovnad, har eg høyrt meg seia ved fleire høve. Det har hendt, spesielt no i det siste, at samtalen har kome inn på dette med nyttårslovnad, og eg har sagt at slikt syslar ikkje eg med. Det er sjølvsagt ei kvit løgn, eller ei blank løgn om du vil.

I MELSDAGANE SKAL ein tradisjonen tru halda dommedag over seg sjølv. Jola er tid for ettertanke, og er ein ufint ærleg med seg sjølv, er det ikkje vanskeleg å notera blokka full med forbetringspunkt. Så er det å finna balansepunktet mellom realistiske reformer og uproduktiv sjølvplaging.

Så må ein berre evna å fortrengja det deprimerande faktumet at det sit ein middels god forretningsmann med kjempeego og oransje hentesveis i Washington og kan halda dommedag over oss alle.

SMÅ OG STORE lovnader til oss sjølve på nyttårsaftan betyr sjølvsagt noko for kvar og ein av oss.

Her er det fullt mogleg å gje sjølvtilliten eit løft eller ein knekk alt etter korleis ein meistrar å gjennomføra lovnadene, men det er ikkje til å løyna at i dei store spørsmåla sit me alle på sidelinja og kan i liten grad påverka lagnaden vår.

VERDA GÅR SAKTE mot ei øydeleggjande oppvarming. Konsekvensane melder seg stegvis – med ujamne steg rett nok, men bortforklaringane til dei såkalla klimaskeptikarane er det stadig færre som trur på. Likevel synd at mannen med oransje hentesveis er ein av dei.

Det som mest truleg kan hindra at jorda blir øydelagt av global oppvarming, er ein atomkrig. Feiden mellom Trump og Kim Jong-un kan eskalera til væpna konflikt der atomvåpen blir brukt. Midtausten er likevel det konfliktområde i verda som størst potensial til veksa frå regional til global konflikt. Med den aukande terroren me opplever i dag, kan ein vel påstå at nokre av Midtausten-konfliktane har blitt globale.

MISMODET KAN LETT ta overhand, og ein kan gjera seg meir stakkarsleg og makteslaus enn naudsynt. Som det heiter i den gamle Vømmøl-songen «Men sammen så veie vi flere tonn.» Det er faktisk overraskande at den nordiske modellen har kome under slikt press. Med helsestell, barnehagar, skule og aldersomsorg som hjørnesteinar, har ein etter krigen utvikla ein samfunnsmodell som er blant dei mest produktive i verda og samstundes eit samfunn med relativt små skilnader mellom folk. Ein heilt grunnleggjande føresetnad har vore trepartsamarbeidet, dvs. eit samarbeid mellom partane i arbeidslivet og staten.

MED REAGAN, OG Thatcher fekk nyliberalismen vind i segla. For Thatcher var det sentralt å knusa fagrørsla. Oppløysinga av Sovjetunionen og ranet av folket sine verdiar som følgde i kjølvatnet av dette, har vore med å dra i same retning. No er skilnaden mellom fattig og rik større enn på lenge. Også i Noreg er dei økonomiske skilnadene aukande.

Saken fortsetter under annonsen.

I EIT SLIKT politisk klima og med ein slik særeiegen nordisk tradisjon skulle ein tru at folk flest forstod sitt eige beste, at dei forstod meininga med «Men sammen så veie vi flere tonn». Å fagorganisera seg er kollektiv fornuft. I vår individ-dyrkande tid der sjølvrealiseringa tek stadig nye vegar, burde nokon seia som den vesle guten i «Keiserens nye Klæder»: «Men han har jo ikke noget paa.»

Draumen om 15 minuttar i rampeljoset eller i TV-ruta driv folk ut i den eksistensielle meiningsløysa, og me andre som ikkje har ’guts’ eller har skamvit, me sit og ser på.

Norske medievanar er no dominert av at folk ser på at andre lever livet for dei. I staden for å sjå på programserien Farmen, burde i alle fall folk på Voss vera hobbybønder. Kanskje det kunne vera eit konkret – om enn lite – steg for å gjenreisa den kollektive fornufta at me jobba på garden i staden for å sjå på Farmen?

FOR MEIR ENN 90 prosent av folket er det rasjonelt og fornuftig å tenkja kollektivt. Er det vakkert på Vangen, deler me alle denne venleiken.

Har me eit godt bibliotek, så eig me alle den kunnskapsskatten. Er du fagorganisert, er sjansen for å unngå trakassering, underbetaling og anna utnytting større enn om du ikkje er det.

2017 HAR VORE eit godt år for den kollektive fornufta her lokalt. Me greidde å samla oss om eit flaumvern som tok vare på verneverdiane i vassdraget. Me har også sagt nei til ein del meiningslaus småkraftutbygging. Maten til dei eldre er på veg heim, og Bømoen kan truleg framleis vera den friluftsperla den er i dag.

MITT YNSKJE FOR 2018 (og nokon har vel gissa det alt no) er at me alle slår eit slag for den kollektive fornufta. For «sammen så veie vi flere tonn.»

Lars Mossefinn, Voss

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.