OGSÅ PÅ VOSSInnspel og kronikkar
Innspel:

Kuppern skrid i Squaw Vally

Det første uklare minnet eg har frå OL, er at Knut Johannesen­ vann 10.000 m i Squaw Valley i 1960.

AV
Publisert

I ettertid har eg funne ut at dette skjedde 27. februar. Eg var åleine og låg på sofaen og høyrde på radioen. Med fem år og sju månader på baken må eg vedgå at eg ikkje heilt forstod kva bragd eg var vitne til.

At Kuppern forbetra verdsrekorden med 27,6 sek. fekk eg ikkje med meg, men seinare har eg skjønt at dette var så storveges at mor til Olav H Hauge greip fastare om staven. Det skjedde sikkert ikkje ofte.

FJERNSYNET KOM TIL Voss hausten 1963. Dei som var tidleg ute, kunne såleis sjå dei dramatiske TV-bileta av mordet på president Kennedy frå Dallas i Texas­. Elles såg me på fiskane i pauseakvariet.

Far min var ikkje den einaste på Voss tok det store steget og investerte i den magiske boksen i januar 1964. 29. januar opna nemleg OL i Innsbruck.

Det blei ikkje den parademarsjen for norsk vinteridrett som mange hadde vona på, men for ein hoppinteressert niåring gjorde det ikkje så mykje at Harald­ Grønningen blei grundig slått av Ero Mäntyranta på både på 15 og 30 km.

Tvikampen mellom Veikko Kankkonen og Toralf Engan var knivskarp både i liten og stor bakke, og heldigvis drog Engan det lengste strået i den store bakken. Friskusen frå Ogndal, Torgeir Brandtzæg, tok to bronse­medaljar. OL på TV var verkeleg stas!

I 1994 FEKK eg oppleva OL live. Ein kamerat hadde vunne to billettar til kvinnenes 15 km skiskyting. Frå ein skuggelagt krok på stadion i minus 20 celsius såg og høyrde me ingenting. Etterpå fann me ut at Myriam Bédard frå Canada hadde vunne. Beste norske – Hildegunn Fossen på 21. plass. Me konkluderte med at dei to billettane ikkje var ein premie, men ei straff! Etter dette har vinteridrett vore TV-underhaldning – fram til 2018.

Når OL i Pyeongchang for alvor tek til i dag, blir det utan meg framføre TV-en. Det har mognast over fleire år, og idrettsleiarar verda over har alle flittig gjort sitt for at eg er komen dit.

Saken fortsetter under annonsen.

Toppidrett er ribba for all truverde. Den eine dopingskandalen har avløyst den andre, og har det ikkje vore doping, så har det vore korrupsjon. Eg trur knapt det er ein sektor i samfunnet der kriminaliteten har så gode vekstvilkår som i idretten – om ein ser vekk frå organisert kriminalitet, vel å merkja.

Det finst knapt eit internasjonalt særforbund som ikkje er heimsøkt av korrupsjon. Ikkje overraskande fordi styresettet i desse organisasjonane er bygd opp slik at kvart land har ein representant i kongressane som vel styre.

IOC, FIFA OG FIDE snakkar alle godt med verdas verste regime. Visst er det hyggjeleg å oppleva at Magnus Carlsen vinn VM i lynsjakk, men at det internasjonale sjakkforbundet ukritisk legg tilskipinga til Saudi-Arabia, eit land som er høgt oppe på dødsstraffstatistikken og på botnen når det gjeld kvinners rettar, er berre pinleg.

Framleis er det slik at OL-anlegga er unyttige etter OL. I Pyeongchang skal opnings- og avslutningsseremonien gå føre seg på eit stadion som har kosta over 800 mill. kroner. Etter leikane skal anlegget rivast. Slik er det, og slik har det alltid vore. IOC-pampane har eit sjølvbilete som ein berre finn blant verdas diktatorar eller barokkens einvaldsfyrstar.

SOM OM DETTE ikkje var nok, har den samla leiinga av norsk idrett skjemt seg slik ut at ryktet ikkje let seg reparera. Der norske­ idrettsleiarar har reist, har det vore fri bar og full fest. Som Mae West i si tid sa om champagne – han skal vera turr, kald og gratis. Det siste har norske idrettsleiarar merkt seg.

Framferda til norske idrettsleiarar står i grell kontrast til det altruistiske og oppofrande arbeidet på grunnplanet. Her er det dugnad og idrettsglede som gjeld. Medan dei held på i Pyeongchang, skal eg ta meg ein tur i Herresåsen, på jazzklubb, på «Litt tao kvart», og så skal eg spela Jan Eggums «Kor e alle helter hen?»

Lars Mossefinn

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.