VOSS TYDER VATNET?Innspel og kronikkar
Kronikk:

Granvin herad + Voss kommune = Sant

Frå 2020 skal Granvin og Voss inngå hjonlag. Granvin herad har såleis berre to-tre 17. mai-ar att å feira som sjølvstendig lokaladministrativ eining.

AV
Publisert
Oppdatert:

Frå 2020 skal det nye hjonlaget heita Voss herad. Vossingane har måtta ofra den kontinentale og internasjonale nemninga kommune til fordel for den nordiske herad, men har så i staden fått halda på det urgamle bygdenamnet Voss. Gravensarane misser derimot det gamle bygdenamnet sitt Granvin i nemninga på det nye heradet.

I det nye heradsnamnet får vel den eine parten no meir enn den andre, men derimot vinn den tapande parten i namnestriden kampen om kommunevåpenet ved at hardingfela skal representera den kommunale nyskapinga. Det treng ikkje vossingane skjemmast over. For det fyrste har hjorten i kommunevåpenet ofte vorte gjort litt narr av. Kor mange har ikkje høyrt eller sjølv nytta uttrykket «Opp som ein hjort og ned som ein lort»?

Hardingfela representerer ein kultur der begge kommunale einingar har sett sterke spor. Her må ein vel kunne seia at dei er jamlikar. Dessutan er kommunevåpenet til Granvin heraldisk vakkert utforma. Måtte justeringane av våpenet ikkje skiplast for mykje når den endelege felles versjonen skal arbeidast ut.

Valet av nemninga herad vitnar om innsikt, kunnskap, solid vurderingsevne og politisk teft hjå vossingane. Herad er ei gamal administrativ eining i Skandinavia. I Noreg har nemninga vore nytta om større eller mindre administrative einingar sidan mellomalderen. Herad, norrønt herað, vart i utgangspunktet oftast nytta om eit geografisk avgrensa område knytt til eit ting, men herad kunne også nyttast i tydinga ’bygd’. Men herad er ikkje ei norsk nyskaping. Herad – og då som juridisk eining – skal fyrst vera dokumentert i Danmark ein gong på 1000-talet. Og i Danmark heldt eininga herad seg – som i Noreg – som administrativ eining i mange hundre år.

Det har vore ein del usemje mellom fagfolka om kva som er det opphavleg språklege innhaldet i nemninga herad. Truleg har opphavet vore nemninga på ein flokk som har hatt sams interesser og ein felles identitet, og som har sett nytten av å halda saman. Slik kan herad ha språkhistorisk samanheng med nemninga hundre, og altså vore merkelappen på gruppe menneske av ein viss storleik.

Andre har lagt vekt på den språklege samanhengen med den gamle engelske administrative eininga hundred, som kan ha sin kulturhistoriske bakgrunn i meir militære tilhøve. Det skulle ein viss stor hær til for å kunna forsvara ei engelsk administrativ eining av typen hundred. Det kunne gjelda ein hær på ’hundre’ mann, eller ei gruppe på ’hundre’ familiar som skulle vernast. Etymologisk kan det også vera ein samanheng mellom herad og hær.

I kjølvatnet av den franske revolusjonen vart mangt endra både i Frankrike og elles i Europa. Også nye administrative einingar såg dagsens ljos. Ein arv frå den franske revolusjonen er ein moderne lokaladministrasjonen knytt til lokalt sjølvstyre. Nemninga på dei nye sjølvstyrte lokaleiningane vart kommune, fransk commun, ei nemning franskmennene laga til latinsk communis – naturleg nok med deira djupe romanskspråklege røter – med tydinga ’felles’.

Kommune som nemning på dei nye lokalstyrte einingane kom inn i norsk midt på 1800-talet, men sjølve den nye norske lokaladminstrative eininga hadde røter i formannskapslovene av 1836. I den andre halvdelen av 1800-talet vart nemninga herad revitalisert som nemning på norske landkommunar til skilnad frå bykommunar. På nynorsk vart nemninga heradskommunar og på bokmål herredskommuner. Elles vart herad ei allmenn nemning i nynorsk om kommune-einingar.

Då skiljet mellom bykommunar og landkommunar fall vekk tidleg på 1990-talet, var det også meir eller mindre slutt med bruken av nemninga herad (herred). Men Granvin, Ullensvang, Kvam og Ulvik har halde ut heilt til det siste som herad. Det skal dei ha stor ros for. Takk, Granvin, for at de overtydde vossingane her!

No skal altså den nye storkommunen heita Voss herad. Granvin som heradsnamn vert borte. Voss og Granvin er to svært gamle stadnamn, og ingen av dei har klare tydingar. Me veit rett og slett ikkje kva dei tyder, men det finst fleire framlegg til fasitsvar.

Voss er nok eit mykje eldre stadnamn enn Granvin. Namnet Voss kan vera fleire tusen år gamalt, medan Granvin truleg er kome til ein gong i mellomalderen. Voss er i utgangspunktet eit bygdenamn eller eit regionsnamn, medan Granvin opphavleg er eit gardsnamn. Men både Voss som bygdenamn eller regionsnamn og Granvin som gardsnamn må ha bakgrunn i endå eldre lokale topografiske tilhøve.

Det finst fleire tolkingsframlegg av namnet Voss. Namnet Voss er heimla skriftleg i mellomalderen svært mange gonger både i formene Vors og Voss. Normert norrøn form er Vors. Namneforma Vors må ha vore den opphavlege forma. Den assimilerte forma Voss er såleis ein yngre variant av Vors. Namneforma Voss er heimla skriftleg alt i 1303.

Saken fortsetter under annonsen.

PROFESSOR

Éi tolking seier at namnet Voss går attende til ei gamal totalsform *Warsu, og at namnet viser til to åsar, Grauaåsen og Sonvesåsen. Namnet skulle såleis tyda «dei to høgdene».

Ei anna tolking er at namnet Voss kan tyda «den bøygde». Denne tolkinga set Voss i samband med det latinske substantivet versus som tyder «rad, plogfór, vending», slik at namneforma Vors må knytast til anten substantivet varta eller verbet verda, nynorsk verta. Den reale bakgrunnen for ei slik tolking er forma på anten Vangsvatnet (bøygen ved Sundet), forma på Bolstadfjorden og/eller forma på fjordområdet frå Ostrafjorden til Eidslandet og Evanger (Voss utgjorde eit større geografisk område i eldre tid), eller forma på elva Vosso der ho bøygjer seg om Prestegardsmoen før ho renn ut i Vangsvatnet.

Ei tredje tolking har òg utgangspunkt i det latinske substantivet versus med tydinga «rekkje, rad», og set innhaldet «rad, reine, kant» i samband med lendetilhøva ved strandlina langs Vangsvatnet og elva Vosso.

Ei fjerde – og truleg den språkleg og reelt mest høvelege tolkinga – er å rekna med ei indoeuropeisk rot *uer-, «vatn». Rota*uer- har avlydsforma*uor-, som i forma var- er mest vanleg i namn. Jamfør t.d. tolkinga av elve-namnet Varma/Vorma, Eidsvoll/Nes og Orkdal. Namnet Voss kan såleis vera eit eldre namn på Vangsvatnet, som rett og slett har hatt tydinga «vatn» eller «vatnet». Eit innsjønamn Voss, nytta om Vangsvatnet, kan vera svært gamalt, kanskje 2000–3000 år, eller meir.

Granvin er eit matrikkelgardsnamn, eit såkalla vin-namn. Me kallar det vin-namn av di det er laga til namnelekken vin som i mellomalderen tydde «eng, grasmark». Også namnet Granvin er heimla skriftleg mange gonger i mellomalderen som til dømes i formene Gronvina (1306), Gronuinia (1314), Granuin (1330) og Gronvin (1360).

Fyrstelekken er såleis skriven med bokstaven n i desse eldste namneformene, og n-en held seg i skriftlege namneformer til ut på 1400-talet. Fyrst på ut på 1400- og 1500-talet – og særleg frå 1600- og 1700-talet – finst det ‘danske’ former utan n, som Groffue (1556). Det er desse nyare formene utan n me finn att i namneformer som Lillegraven og Storegraven.

Dei nye formene utan n, som Groffue, er så feilaktig vortne tolka å ha samanheng med substantivet grav eller verbet å grava, slik som t.d. gardsnamnet Grove på Voss. Gardsnamnet Grove på Voss har derimot ein heilt annan skriftspråkleg bakgrunn enn namnet Granvin. Grove finst fleire gonger på 1300-talet i skriftformene Grofu. Grove på Voss har såleis samanheng med grav eller grava. Slik er det ikkje for Granvin.

Fyrstelekken i Granvin er laga til ei nemning gran, norrønt gron, spørsmålet er berre kva nemninga gron ’gran’ viser til. Éi tolking er at nemninga gron er trenemninga ‘gran’. Dette står det derimot strid om. Treslaget gran skal på den eine sida finnast naturleg både på Voss og i Granvin langt attende i tida. Det vil seia at den skal ha funnest i Granvin på den tida då vin-namnet Granvin vart til.

Andre hevdar derimot at dette ikkje kan stemma. Det fanst ikkje gran her så tidleg. Ei anna tolking er at fyrstelekken skal setjast i samband med norrønt gron i tydinga ‘munnskjegg, bartar’ og ‘mule, munn’, og at dette skal gjelda ei opphavleg jamføring med lokale naturtilhøve – som til dømes eit fjell, eit høgdedrag eller ein ås.

God 17. mai 2018 i Granvin herad og i Voss kommune!

Gunnstein Akselberg, professor i nordiske språk

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.