GITTER OG STENGSELInnspel og kronikkar
Innspel:

Boikott svelefrie ferjer!

Sommaren er over oss. Me vil ferdast fjordatvers på vakre Vestlandet og gomla sveler. Det kan bli ein gedigen nedtur. På mange ferjer er sveletakka fjerna.

AV
Publisert

For det fortener dei inga takk, reiarlaga som snur på skillingen og sløyfer svela. Snart blir også Voss eit ferjeherad, med kai i Kvanndal.

Me skal ikkje lengre enn over Vikafjellet til Vangsnes før me finn første ferja med skalka matluker i salongen. På soldekket er det kome gitter over disken.

– Blir serveringa opna att når turistsesongen kjem skikkeleg i gang?

– Nei, her er det stengt for alltid, er svaret frå ein heller mutt matros og billettseljar. Han saknar nok tidlegare tider då det vanka ei svele eller to innimellom.

Også midt i tjukkaste sveleland, på Sykkylvsferja, har svelene dunsta bort. Kort overfartstid, javel, men det er langt kortare over Nordfjord mellom Anda og Lote. Der har dei selt 60.000 sveler i året. Dersom du stablar 60.000 sveler oppå kvarandre, får du ein svelestabel på 250 meter. Teoretisk. I praksis blir dei nedste temmeleg flate, skal ein tru Wesensteen.

På nokre ferjer er det innført sjølvteningsprinsipp. Reiarlaget stolar på at den som for­syner seg, puttar pengar på bøssa. Slikt får passera. Ingen boikott her. Desse svelene er dessutan billegast. På Rovdefjorden kostar ei svele 20 kroner, mot 32 på Hareidferja.

Sveleprisen på Rovdeferja skal nyleg ha auka frå 12 kroner, desidert billegast på heile kysten. Til gjengjeld er ynskjemålet om ferjeavløysing svindyrt i høve til årsdøgnstrafikken. Kombinert flytebru og synketunnel over Rovdefjorden er ei spektakulær nyskaping, og tilsvarande vanskeleg å plassera på Transportplanen.

Nokre har kamuflert sveleprisen i ein pakkepris; 59 kroner for svele + kaffi. Heilt greit for oss kaffomane.

FORSYN DEG!

Dialektordet svele har spreidd seg som ringar i smul sjø dei siste tiåra. Frekt og freidig har andre namn blitt skubba til side. Då eg kom til Voss, serverte dei surmjølkslappar, mjølkelappar eller berre lappar på Ringheimskafeen. Fronsekake, sa dei visstnok på Vossestrand. Kakenamn som timpe, skilpadde og tekake må ein framleis vera ålesundar for å skjøna.

Svelegrepet har heller ikkje gripe om seg. Musikantane frå ytre Suløya demonstrerte på TV korleis svela skulle haldast, i ein julekalender for lenge sidan. Ingen ekte sveleetar brukar kniv og gaffel. Men så held han seg til smørkrem eller brunost som «fyllmasse». Rjome og syltetøy er dårleg tilpassa sulamittane sitt svelegrep.

Udokumentert vert det hevda at sveler som ferjemat har tradisjon frå før romsdalingane fekk flytta R-en i namnet på fylkesreiarlaget – frå MFR (Møre Fylkes­ Rutebåtar) til MRF (Møre og Romsdal Fylkesbåtar).

Meir offisielt, til nettstaden Det søte liv, nøyer Fjord1 (etter fusjonen med Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane), seg med å dra linene for sveletradisjonen attende til 1960-talet. Då skal sunnmøringen Steinar Slettestøl ha servert den første ferje­svela om bord i MF «Romsdal» mellom Molde og Vestnes.

På reklamekrusa sine marknadsfører Fjord1 denne oppskrifta på MRF-svele:

Saken fortsetter under annonsen.

5 egg.

1,5 krus med sukker (2,5 dl).

1 toppa teskei natron.

1 toppa teskei hornsalt.

1 liter kulturmjølk.

1 liter kveitemjøl.

75 gram margarin.

Framgangsmåten er det litt dissens om. Det mest vanlege er å smelta margarinen først, men blanda han inn sist, litt avkjølt. Visp egg og sukker veldig godt. Så blandar ein saman kveitemjøl, natron og hornsalt, og tilset dette vekselvis med kulturmjølka. Til slutt margarinen.

INNSPEL

Optimalt skal røra svella i ein god halvtime. I ei hektisk bysse på ferja nøyer dei seg gjerne med ti minutt. Litt i underkant av medium varme på takka. Brettar du tidleg, unngår du at svelene sprekk i bretten

Andre tømer mjølka i egge­dosisen, og blandar inn mjølet litt etter litt. Anne Aarskog blandar natron inn heilt til slutt. Hennar svele vart kåra til Den gyldne svelekaka i 2011. Dette året selde dei sveler for 20 millionar kroner berre i reiarlaget Fjord1.

850.000 sveler tilsvarar ein 3,5 km høg stabel, rekna NRK ut, teoretisk. Ein dryg kilometer høgare enn Galdhøpiggen. Eller 112 km lagt kant i kant. Som frå Vangen, gjennom Bergen og nesten ut til Straume på Sotra. Teoretisk. I praksis blir dei støvete og lite appetittlege.

Dei som ikkje har takke, må ta til takke med steikepanne.

Arne Hofseth, Voss

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.