Innspel:

Å byggja gode relasjonar til andre

Det viktigaste er å syna ekte interesse for dei du har rundt deg som medarbeidarar, kundar, elevar eller pasientar. Å ikkje læra namn er den største synda.

AV
Publisert
Oppdatert:

Feiaren, eletrikaren, rådmannen, læraren og lækjaren har ein ting felles. Dei må kunna eit fag og ha papir på det, eit fagbrev, eit vitnemål eller studiepoeng frå ein høgskule eller eit universitet. Alle desse treng handfaste prov på at dei kan kalla seg profesjonelle og tilhøyra ei bestemt yrkesgruppe.

Ingen vil vel sleppa inn i huset ein røyrleggjar utan fagbrev, ingen vil overgje den gamle hunden sin i hendene på ein dyrlækjar utan utdanning frå Vetreinærhøgskulen.

DET ER LAGT trygge rammer rundt den profesjonelle yrkesutøvinga her til lands. Me har nasjonale standardar for arbeidsmiljø, arbeidstida er grundig regulert og lønene likeins. Regelverket og lovene vernar om den profesjonelle yrkesutøvaren. Rettnok er det krefter i sving for å undergrava alt dette, men det er ei anna soge.

Trass i dette les me dagleg om konflikter, oppseiingar og anna trøbbel rundt om i norske bedrifter, både store og små. Klagekulturen er i vekst, det merkar særleg offentleg tilsette i skulen og i helseinstitusjonane. Men også butikktilsette, handverkarar, bussjåførar og all slags service er målet for kritikk og klage i større grad enn nokon gong før.

Kunnskapsmengda mellom folk har est som ein lunka loffdeig. Pasientane i dag veit det meste om sine eigne lidingar, foreldre har god greie på pedogogikk og skuledrift og dei kriminelle kjenner alle sine rettar.

Ei svært utsett gruppe er leiarar i det offentlege. Med rette vil mange seia. Dei er relativt godt betalte og har gode ordningar elles. Dei sit fast i stolen.

Kor ofte høyrer me ikkje om rådmenn på veg ut av jobben eller over i konsulentverksemd under mønet på kommunehuset? Dei har solid utdanning og oftast lang og god røynsle. Likevel vert det uro, imternt bråk eller eksternt press om å finna seg anna å leva av. Kva er det som hender?

IKKJE ALLTID, MEN ofte manglar det på grunnleggjande evne til å etablera, utvikla og halda ved like gode relasjonar til andre menneske. For alle som har bestemt seg for eit yrke som krev mennsekeleg kontakt (nesten berre fyrvaktaren slepp unna i dag), er det heilt avgjerande for å lukkast at dei kan vera saman med folk på ein venleg, oppmuntrande og gjerne humoristisk måte. Ofte må ein leiar gå ut med kritikk og tilrettevising. Då er det heilt avgjerande å ha bygt ein god grunnmur av trygge relasjonar.

Ingenting er statisk. Ofte ser me at evna til å vera saman med andre på ein konstruktiv og profesjonell måte endrar seg gjennom ein karriere på opp imot førti år. Ein lækjar med gode skussmål bryr seg ikkje lenger om pasientane, rektoren vert småsur og langsint, drosjesjåføren orkar ikkje å vera hyggjeleg når han endeleg har fått ein tur.

Saken fortsetter under annonsen.

MEN MÅ DET vera slik? Me må tru at alle kan læra å verta gode, i alle høve betre, i samkvem med andre menneske. For ein som skal vera leiar for ei bedrift, ein klasse eller eit fotballag er dette heilt naudsynt. All kunnskap i heile verda hjelper deg ikkje om du sviktar på dette punktet. Den profesjonelle er då i beste fall ein fagleg amatør. (Ein som er glad i faget sitt).

Det viktigaste er å syna ekte interesse for dei du har rundt deg som medarbeidarar, kundar, elevar eller pasientar. Å ikkje læra namn er den største synda. Å snu seg halvvegs bort under samtalar, eller fingla med mobilen likeins er dårlege teikn. Men å helsa kvar dag på alle på ein hyggjeleg måte med eit smil og ein kommentar om at det går mot ljosare tider, er gull. Du må setja av litt tid innimellom til å snakka om det som du slett ikkje bryr deg om, men som for den andre kan vera det viktigaste i livet. Dagane skal ikkje fyllast med kaffiprat, men av og til vil du vita korleis det går med den gamle bestemora hans eller Liverpool eller frimerkesamlinga du har høyrt om. Ingen må kjenna seg minska til berre arbeidstakar eller pasient, ein må få lov til å vera heilt menneske også når jobben skal gjerast.

Her kjem den profesjonelle relasjonsbyggjaren inn med sin knep, som ikkje er luretriks, men nyttige og naudsynte verktøy i ein samhandlingssituasjon.

EIN DAG HØYRDE eg om ein aldrande lærar som etter ein lang karriere i klasserommet hadde teke fela med seg og spela for den umoglege klassen. Ingen der visste at han kunne spela ein vakker vals!

Å by litt på seg sjølv gjer underverk om du vil ha andre med deg. Alle har ei historie, eit liv. Det er den gode leiaren sitt ansvar å få dette fram, og det kan verta til eit seigt lim mellom folk.

ALLE SOM VIL ha det godt i lag med kollegaer, elevar, kundar og pasientar må kunna visa glede. Og sorg om det passar seg. Det skal ikkje jublast kvar dag, men av og til må sjampagnen (eller sideren) stå i taket, av og til kan tårene koma. Litt av dette kan faktisk lærast!

Ein stiv brakastaur kan også gjera teneste i ei lang hes.

Alle som vil ha det godt i lag med kollegaer, elevar, kundar og pasientar må kunna visa glede. Og sorg om det passar seg. Det skal ikkje jublast kvar dag, men av og til må sjampagnen (eller sideren) stå i taket.

Torbjørn Ljones, rektor Lillehammer videregående skole

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.