Kronikk:

Historia om ting

Det er mange grupper kring­om i verda som no engasjerer seg i å skapa samfunn med berekraftige liv.

AV
Publisert

Dei eg har kontakt med, går mest på engelsk språk. Av og til les eg tekstar som eg synest er så viktige at eg må omsetja og dela dei med andre.

Historia om ting er utdrag frå ein tekst av Annie Leonard, by og regionplanleggjar i San Francisco. Ho starta eit svært vellukka globalt nettverk i 2007 som ho kalla «The Story of Stuff»:

HAR DU NOKON gong undra deg over kvar dei kjem i frå, alle tinga me kjøper og kvar det blir av dei når me kastar dei? Eg har brukt 10 år på å studera dette, og reist i 35 land for å finna spora etter kvar ting kjem i frå og kvar dei blir av. Prosessen går frå uttak av materiale, til produksjon, til forbrukar, og til søppel. Det er kalla materiell økonomi. Det er eit system i samspel med samfunn, kultur, økonomi og miljø, og heile vegen møter det grenser, men me ser dei ikkje. Me ser heller ikkje kva som manglar i dette systemet. Og det er eit system i krise.

Det viktigaste som ikkje er med, er menneske. Dei som arbeider og lever i dette systemet. Og somme betyr mykje meir enn andre, somme har mykje meir å seia. Kven er dei? Lat oss starta med regjeringa, som skulle vera eit styre av folket, og for folket. Jobben deira er å ivareta oss. Så kom storkonserna, som vart større enn regjeringane, og livsmønstret endra seg. Det er blitt viktigare at det går godt med storkonserna enn med oss.

KVA ANNA MANGLAR i dette biletet? At det blir slutt på naturressursane våre. Det er snakk om ressursutnytting, som er eit finare ord for forsøpling av jorda vår. Me høgg ned tre, me sprengjer fjell og tek ut metallet, me brukar opp alt vatnet og me utryddar dyr. Her ser me den fyrste grensa me møter. Me brukar for mykje av jorda sine ressursar. Berre i dei tre siste tiåra er ein tredjedel av jorda sine naturressursar blitt oppbrukt. Borte vekk.

Produksjon er det neste. Me brukar energi til å blanda giftige kjemikaliar med naturressursar og lagar smitta produkt. Dei blandar seg med andre kjemikaliar som påverkar oss kvar dag. Så lenge me held fram med å forgifta produksjonssystemet vårt, kjem me til å få giftstoff inn i heimane våre, på arbeidsplassane og skulane. Og i kroppen vår. Globalt flytter 200.000 menneske kvar dag frå miljø som har vore berekraftig for dei i generasjonar, inn til byane, mange i slumkvarter, arbeidssøkjande, same kor forgifta det arbeidet måtte vera.

DISTRIBUSJON AV PRODUKTA, å få folk til å kjøpa, kva er det som påverkar oss? Eg såg ein fin liten radio på ein butikk og prisen var berre fem dollar. Medan eg stod i kø for å betala, begynte eg å undra meg over korleis fem dollar kunne på noko måte dekka kostnaden med å laga denne radioen eg stod og heldt på.

Metallet var truleg frå Sør-Afrika, olja truleg pumpa opp i Irak, plastikken var sikkert produsert i Kina, og kanskje heile greia var sett saman av ein 15-åring i Mexico. Slik oppdaga eg at det var ikkje eg som betalte for radioen. Det var menneske som betalte med tap av naturressursar, tap av rein luft, og med aukande astma og kreft.

Ungar i Kongo betaler med framtida si – 30 prosent av ungar i delar av Kongo arbeider no med utvinning av coltan heller enn å gå på skule. Det er metallet som trengst til billege elektronikkvarer. Arbeidarane betaler òg ved å dekka si eiga sjuketrygd. I heile dette systemet er det menneske som har vore med slik at eg kunne få denne radioen til fem dollar. Ingen av desse bidraga er med i noko rekneskap, dei er usynlege.

SÅ KJEM ME til hjarta i systemet, krafta som driv det, forbrukarane. Identiteten vår er ikkje lenger mødrer, lærarar, bønder, me er forbrukarar. Og ÉIN prosent av det me forbrukar, er ting som varer. 99 prosent har svært kort levetid.

KRONIKK

Saken fortsetter under annonsen.

Det var ikkje alltid slik. Det var ein gong i 1950-åra ein plan for økonomisk utvikling i det amerikanske samfunnet. Forbruk skulle skapa eit betre samfunn. Ikkje utdanning, trygg samferdsel, berekraft, rettferd, eller helse og omsorg. Korleis fekk dei oss til å ha tru på ei slik utvikling?

Produkt blir endra slik at om du kjøpte noko for to år sidan, så kan alle sjå at du ikkje heng med, og det kan vera pinleg. Eg har hatt ein stor datamaskin på skrivebordet mitt i fem år. Kollegaen min fekk seg nett ein ny. Ho har ein elegant flat skjerm, som er heilt i stil med resten av utstyret ho har på sitt arbeidsbord. Ho ser ut som ho sit i eit romskip, og eg ser ut til å ha ein vaskemaskin på mitt bord.

DET ER MOTE i ting. Ikkje spørsmål om sko er gode på foten, men om hælen har riktig form. Reklamen minner ein heile tida om det. Ja, om alt som er feil med oss, og som kan rettast opp med å kjøpa ting. Det einaste som er synleg for oss i det materielle økonomi-systemet, er forbruket. Men det har ikkje gjort oss meir lukkelege. Det var faktisk i 1950-åra me var eit lukkeleg samfunn.

No har me meir ting, men mindre tid til det som verkeleg gjer oss lukkelege: familie, vener, fritid. Det er meir hardt arbeid no enn nokon gong, ja meir enn i husmannstida, seier somme. Og den fritida me har, blir ofte brukt til å sjå på TV eller å handla ting.

Kvar blir det så til slutt av alle tinga våre? Det er ulike måtar å handsama avfall, meir og mindre skadeleg for naturen og lufta kring oss. Resirkulering hjelper. Det reduserer søppel, og det blir mindre uttak av jorda sine ressursar. Men det er ikkje nok. Det når ikkje til kjernen av problemet. Det er eit system i krise. Heile vegen møter me grenser.

HELDIGVIS ER DET mange måtar å gripa inn i prosessen. Mange er no engasjerte i å verna om skog og satsa på rein produksjon. Mange arbeider med arbeidstilsyn, rettferdig handel, og bevisst forbruk og avfallshandsaming. Og, ikkje minst, med å få regjeringa attende til folket.

Alt dette er viktig, men det er når folk ser samanhengen, at det kan bli verkeleg fart på det. Når me ser heilskapen, det store biletet.

Når folk som er ein del av systemet tek til å samarbeida, då kan ein få til ein transformasjon, og eit system som ikkje misbrukar folk eller ressursar. Hugs at det me har hatt dei siste femti åra kom ikkje av seg sjølv, men var skapt av menneske. Me er menneske som kan skapa noko nytt.

Utdrag frå Annie Leonard, https:// storyofstuff.org, ved Kari Bye

Kari Bye, Voss

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.