HELGETANKARMeiningar
Helgetankar:

Fridom og likeverd

«Naken kom eg frå mors liv. Naken vender eg attende.»

AV
Publisert

Orda er frå Jobs bok og minner om ei viktig sanning ved livet: Me vert fødde og døyr på same måte, som menneske som djupast sett er nakne og fattige, utan noko å ta med inn i eller ut av livet. Men mellom fødsel og død er det ei anna historie, der er det ofte skilnadene som rår.

Mange opplever kjønnsdiskriminering, andre rasisme, nokre lever så å seia som slavar, og mange samfunn er prega av stor sosial ulikskap. Me vert fødde og døyr like, men mellom der er det kvinne og mann, rik og fattig, svart og kvit.

Difor er det sterkt å lesa preiketeksten til sundag frå Galatarbrevet kapittel 3. Den handlar først om fridom, om at dåp og tru er fridom, ikkje tvang.

Dernest kjem det sterkaste i teksten til Paulus: At trua tek bort skilja mellom menneska, at trua er ein friplass der alle står likt. Me skal ikkje berre verta fødde og døy likestilte, men også leva livet i trua slik: «Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus.»

Dette var sterke ord den gongen, og det er på mange vis sterke ord også i dag. Dei utfordrar fordi dei ikkje berre gjeld trua, men heile livet. Orda teiknar målet for oss om å sjå kvarandre som likeverdige i alle ting. Det tyder ikkje at me skal vere like kvarandre, at me må gjera og vilja og meina det same, men i botnen av alt må det liggja at me er likeverdige og likestilte.

Orda gjev ei påminning til kvart einaste møte med andre menneske. Sosiale stigar og alt anna som skil oss er eigentleg uvesentleg. Gud skapte oss til å vera frie og likeverdige. Det er den gode draumen som spring ut av orda «De er alle éin i Kristus Jesus.»

Bjørn Tore Sæle, sokneprest

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.