KVITANESENMeiningar
Kvitanesen:

Er VAR har vore

Det er fint, no er det fleire dommarar enn spelarar i ein fotballkamp.

AV
Publisert

Det er éin på banen, fire på sidelinja og resten sit i eit myrkt rom og ser på video. Alle i svarte og gule drakter, kanskje har dei fløyter i lomma alle saman og raude kort i jakkelomma.

Å vera dommar er ikkje lett, verken i livet eller leiken. Det skal sju års utdanning til for å verta rettslærd og kunna døma levande og nesten døde. Likevel gjer dei feil!

Kva skal til for å døma rett?

Fyrst og fremst må ein fotballdommar ha gode sko og strikk i buksa. Eg hugsar ein domar i Eidfjord som møtte fram i glatte tøysko og det kom ei bya nedover Måbødalen som la heile banen under vatn. Du hendelse so han sklei! Lars Myklatun, som eg trur var namnet hans, var meir på knea enn på beina. Sjølvsagt var det nesten uråd for stakkaren å døma offside når han låg nedbløytt ved cornerflagget på hi sida av banen.

Ein god domar på ha fleire tankar i hovudet samstundes. Dei fleste menn tenkjer berre på ein ting, men det kan ikkje gjelda for dei svartkledde. Me spelte eitt år mot Døve 2 på Krohnsminde i Bergen, ein batalje midt på sjettedivisjonstaballen. Domaren var utstyrt med både fløyta og flagg, pipa for dei høyrande og flagg for dei døve. Kva skulle han bruka først og sist, kven var det som høyrde og kvar var dei andre? Slike ting kunne ikkje VAR hjelpa med verken då eller no.

Ein domar må kunna reglane, slik er det for dei som skal døma for mord, slik er det for dei som skal døma offside. Når ein domar på Bulken dømde offside fordi eg sto på ei rett line mellom to medspelarar medan eg skåra kampens einaste mål, veit alle som er fødde ved ein grusbane på femtitalet at han har feil. Men null null enda kampen, og me drakk oss fulle i bussen heim som vanleg.

Det viktigaste er at domaren møter opp. Tallause gonger har det hendt at laga er komne på banen og ingen pipeblåser er å sjå. Då var det å køyra rundt i bygda og vekkja dei som kunne vera aktuelle, fedrar og bestefedrar, drengjer og husmenn, fiskarar og fantar, tanter og halvonklar. Dette var før mobilen si tid og alltid fann me ei løysing. Eg hugsar at ein gong stogga me doktar Hellesø på veg til ein lungesjuk feiar på Fykse. Han kunne ogso litt om fotball og dømde i kvit frakk. Pasienten overlevde med naud og neppe.

Det grunnleggjande må alltid vera på plass, ein domar må ha ein klar tanke, eit godt hjarta og lang nok kortbuksa. Då treng ein kanskje ikkje videodøming i tillegg?

Kvitanesen

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.