KVITANESENMeiningar
Kvitanesen:

Ein snjovøter for lenge sidan

Snjoen la seg so melis over bøen alt i oktober. Dei siste Inger Marie-epla hang enno att i ein topp, og hønene var ikkje komne skikkeleg på vintervaglen sin.

AV
Publisert

Det stod framleis ei hes att innanfor Djupastein og han Anders hadde ikkje vore med stuttorven heilt oppunder Blåfjell. Me venta framleis på nokre milde soldagar.

Men innunder jol la alt isen seg på fjorden slik at me kunne ta skeisene på oss i naustet, leggja begge armane på ryggen og vera Per Willy Guttormsen på veg mot beste tid på 10.000 meter slik me hadde sett på Vangsisen året før. Den vesle kraftkaren alle berre kalla Bettong. Mor mi måtte tidleg på loftet og finna fram ullbukser og stillongsar, selbuvottar og stryter i sterke fargar. Me såg ut som istappa pingvinar på vegen til skulen. I skoa knufla me juliutgåvene av Hordaland. Dei var tunne då som no.

I jola kom det éin meter berre medan me sat inne fyrste joldag. For det måtte me alltid. Aldri gjera anna enn å lesa i Smørbukkheftet og gissa næter. Bror min var ikkje større enn ein middels lang meterstokk på dei tider, og når han gjekk i skykkja etter eit fang med ospeved medan me andre spelte Gnav, var det so vidt me såg dei ljose hårtustane hans over pudderet.

Utover i januar auka det på, lufta var alltid kvit som røyken etter eit paveval. Smørmannen var klaka og postmannen minna om den store helten min frå Norsk Barneblad, Snøsko Thomsen som gjekk med brev i Rockey Mountains og var ved å missa livet i kvart nummer.

I februar låg det over to meter med snjo på flatmark. Far min såg me berre til frukost, han var ute og brøytte med traktor til Osa og Ljono, vart sitjande fast i skreder og lange samtalar med bønder og poetar inni bygda som aldri kunne hugsa verre vøter. Me laga oss hoppbakkar innanfor løa, la oss framover på Åsnesskia og landa ikkje før me datt ned og slo lufta ut av oss nedanfor utedoen hans Daniel.

Denne våren kunne me sigla på spengene heilt til 17. mai, det var skaraføre til støls fram til jonsok og presten kunne køyra på isen til Osa heilt til påske. Vatnet klaka i kyrkja og mange fekk ikkje døypt ungane sine i kristna vatn før etter hundadagane.

Men du hendelse når alt dette bråna. Sola kom fram og det har ikkje vore ein betre frukthaust i Hardanger. Slik er det. Etter ein lang vinter kjem alltid ein god sommar og haust.

Kvitanesen

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.