KVITANESENMeiningar
Kvitanesen:

Ei øy i livet

Dei finst ikkje fangar på Ulvsnesøy lenger. Eg hugsar frå min barndom denne øya.

AV
Publisert

Når me reiste med toget til Bergen, peika bestemor bort på den grøne flekken og fortalde at der vart dei bortsende alle som ikkje kunne føra seg som skikkelege ungar. Alle som slo og stal, banna og la seg ut med læraren, røykte sigarettar eller var stygge med jentene fekk koma dit.

Etter det tok eg til på sundagskulen og seinare Ten Sing. I fritida dreiv eg mest med stille høgde. Ingen som var på Ulvsnesøy hadde slik interesser, trudde eg.

Det må vera rart å bu på ei øy. Du kjem ikkje derifrå utan å leggja ein plan. Er det berre eit par kilometer til lands og du er sumd, kan du kasta deg uti somarstid og koma velberga over. Gutane på Ulvsnesøy prøvde nok på det. Me andre må kjenna ferjetidene.

Alle som bur frivillig på ei lita øy (eg snakkar ikkje om England), får leva i fred for andre. Dei må halda saman, dyrka kvar åkerflekk og kasta garna der dei veit fisken står. Alle ser deg, veit kven du er.

Det er umogleg å dra til byen for å herja med kvinnfolk utan at alle har skrive det opp i almanakken sin. «I går, 25. januar, tok han Harald «Varaldsøy» til byen kl. kvart på ni.» Kva skulle han dit so seint?

Alle menneske er ei øy, har eit klokt hovud sagt. Det er vel litt sant. Men dei fleste av oss lagar små underjordiske tunellar til fastlandet eller andre små bergknattar langs kysten, andre strekkjer ut ei mellombels hengjebru, medan nokre få heiser flagget på halv stong og vil ikkje anna enn å vera øy.

Historia fortel om tusental slike øyar med fangar som ingen vil sjå. Dei dyrkar sine tomater, syng songar og et graut. Nelson Mandela sat i 28 år. Me kan vera glade for at det ikkje finst politiske øyfangar her til lands.

I Noreg held politikarane seg på land, snakkar på TV og held festar. Men av og til grev dei seg ned. Etterpå hugsar dei berre det dei vil. Nett som oss andre.

Kvitanesen

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.