KVITANESENMeiningar
Kvitanesen:

Dersom det er liv der ute

Ja, ein kan undra seg. Me veit det er folk i Kongo og Kvam. Dei er ulike, men har mykje sams. Dei lever og tenkjer, et og drit.

AV
Publisert

I barndommen leika eg mykje med Teskeikjerringa, brukte små trådsneller, kledde på dei og byssa dei i svevn. Er livet smått langt ute, har dei korte kne og stutte tankar? Set dei eine foten framfor den andre, søv dei i hundre år og er dei unge før dei vert gamle slik som nokre av oss?

Eg har alltid sett opp til gravensarane. Dei er tenkjande, nøysame og hyggjelege folk. Kvardagsfolk. Høgtidsfolk. Finst det slike skapningar utanfor Mars? Eller er dei sinte og fiendtlege? Då kan me kanskje droppa heile rakettforskinga og halda oss heime?

Er det liv utanom Tellus, må dei vel formeira seg? Eg lurer på om dei har eit hjarta som slår og om dei forelskar seg slik dei gjer i Modalen. Eller økslar dei seg berre ved knoppskyting og celledeling. Det er kjedeleg og ingen farande veg for oss hardingar i alle høve. Me likar å gjera det på gamlemåten om so det skal vera bak Nain.

Eg trur ingen brukar e-post i det uendelege verdsrommet. Det er ikkje det viktigaste. Det er berre tjue år sidan ingen i Voss kommune trudde på dette tullet. No er det snart berre duene som kjem med brev. Men dei ukjende liva må vel nikka til einannan, smila av ein spøk og helsa når dei møtest slik bulkarane gjer når dei møtest på den elendige parkeringsplassen utanfor polet på Vangen. Hvis ikkje trur eg det er best me held oss her det er hav og himmel, framleis grøne bakkar og høg snjo.

Eg undrar meg på om liva der ute går på skule. Kanskje er det nokon som framleis, mange ljosår borte, brukar trekkpapir og viskelær og lærer gloser på gamlemåten slik Sognefest lærde oss dei? Eg har trur på å ha respekt for læraren, slik me hadde for dei gamle heltane med lagerfrakk.

Dei lever nok ikkje for alltid der ute blant stjernene heller. Dei tel kanskje ikkje dagane slik som oss. Kanskje har dei verken dag eller natt, ikkje vinter ikkje vår. Mest ville eg ha sakna bløminga og lukt av tinande bakkar.

Kvitanesen

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.