KVITANESENMeiningar
Kvitanesen:

Blom eller båt

Eit våpen er eit våpen. Det skal drepa.

AV
Publisert

Difor er det kanskje litt rart at den nye fylkeskommunen vår skal ha eit våpen. Men det er kanskje berre eit våpenskjold, eit vern mot pil og kule dersom det kjem eit åtak frå Møre i nord til Stavanger i sør? Då hjelper det nok å teikna ein vesal blom på skjoldet. Helst er det berre ein teikning dei er ute etter, i svart eller raudt med metallisk bakgrunn. For i fylket er det reglar for all galskap, og reglane for våpenteikningar heiter på fint heraldikk.

Det som Vestland no er i gang med og vil laga ei folkereisning for, er å laga ein logo, eit merke som skal stå på skular, vegskilt og på gravstøtta til den siste fylkesrådmannen for det nye amtet. Det vert ikkje lenge bia. Om nokre år vil det turka bort som graset på Bu i den strenge sola. For det kjem aldri til å ta slutt. Om tjue år ser eg for meg ei samanslåing av Jylland, Lappland og Vestland.

Men Bergen vert nok ikkje med, bergensarane likar seg ikkje på landet og vil nok søkja seg til Lybeck og Hamburg som for før fem hundre år sidan.

Men når so gale har hent at sogningane skal vera med og styra frå Ølen til Ørsta, må me i alle fall få bestemma merket vårt! Og det kan ikkje vera tvil om kva slag blom som best kan vera vår von og verja!

Det er revabjølla! Digitalis purpurea. Ho syg seg fast i steinut jord, ved sjøkanten og heilt opp i tusen meter. Til og med i Odda og Høyanger veks den lilla skapnaden. Det seier mykje om kor uthaldande revebjølla er. Ho er giftig som Oddny Miljeteig i ein diskusjon om rettferd for dei fatige og vakker som Sissel Kyrkjebø med eller utan bunad. Slik vil me vel at Vestland skal vera; upletta, rettvist og farleg for alle som vil oss vondt.

Men eg vil likevel velja meg båten som våpenmerke. Han heng i ein usynleg tråd under kyrkjetaket, han reiser på alle hav og bind saman byfolk og bonde. Gamle dampen, kyrkjebåten, Epos, ferja og fiskebåten. Utan desse hadde me ikkje vore mykje anna enn ihelsvoltne innlandsmenneskje.

Kvitanesen

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.