HELGETANKARMeiningar
Helgetankar:

Aposteldagen. Kva er det med han?

Denne søndagen har namnet Aposteldagen. Namnet – og dagen – skjuler nok meir dramatikk, liding og smerte enn han kan høyrast ut.

AV
Publisert

På si heimeside skriv Den norske kyrkja at dagen er til minne om apostlane Peter og Paulus, som begge mista livet for si teneste som apostlar. Dei tolv læresveinane til Jesus vert kalla apostlar, mellom anna då dei var augevitne til livet hans. I tillegg vert Paulus kalla apostel, sjølv om han altså ikkje levde tett på Jesu slik som dei tolv.

Kva som får nokon til å missa livet for noko dei trur på er ikkje alltid lett å skjøna. Dei kan jo lyga, eller bortforklara, eller seia noko anna som gjer at dei slepp unna. Men så gjer dei altså ikkje det. Så viktig er det altså for dei, det dei trur på.

No er ikkje engasjement og entusiasme i seg sjølv teikn eller bevis på at det ein trur på er bra eller rett. Sjølv den største entusiasten kan ta feil. Sjølv det som vert fortalt med største overtyding kan vera lygn og bedrag eller noko som er av det vonde. Det kan vel seiast å vere eit kjent trekk ved oss menneske at me ikkje alltid greier å sjå saker og ting frå fleire sider. Somme gonger kan me verka både fargeblinde og einauga i møte med andre menneske og deira innhald i livet. Men for apostlane var det altså slik at dei ikkje ville seia ifrå seg trua og overtydinga si, sjølv om det kosta dei livet. Korleis kan det ha seg? Handlar det om mennesketypen? Eller at nett dei og var fargeblinde og einauga? Eller kva var det?

Eg trur det var fordi dei hadde møtt Jesus. Dei tolv hadde møtt og vore saman med Han. For Paulus var det litt annleis. Men då han møtte Jesus i eit syn utanfor byen Damaskus, vart livet hans radikalt endra. Livet hans vart no vigd til Jesus, og Paulus vart den første misjonæren. Og kan henda den største.

I preiketeksten for Aposteldagen spør Jesus læresveinane om kven folk seier han er – og kven dei sjølve seier han er. Dei svarar på begge spørsmåla. Og responsen frå Jesus tyder på at trua på Han ikkje er noko me sjølve «finn på». Slik sett har det ikkje så mykje å seia kven me er som personar, eller til dømes kor smarte me er eller ikkje. Trua vert gjeven til oss. Like eins kallet til etterfylging og teneste. Me les kva Jesus seier til Peter når han gjev han oppdraget. Nett her ligg grunngjevinga til den katolske kyrkja si lære om paven som ein direkte etterkomar av apostlane, slik eg har skjøna det.

Aposteldagen minner oss om dei fyrste apostlane. Og han minner oss om kallet til etterfylging, eit kall som me alle har – anten me likar det eller ikkje. Og så vert me minna om det viktigaste: Det handlar om Jesus. Det byrjar hjå Han og det Han har gjort for oss. Der har me noko å leva for – og kan henda å døy for. Måtte me sleppa nett det siste, men la gjerne Aposteldagen vera ein dag i takksemd for alle dei som har gjort nett det.

God helg!

Frode Kvamsøe, prest i Vaksdal og Voss

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.