HELGETANKARMeiningar
Helgetankar:

Å få likes

Me er i overgangen mellom openberringstida og faste. Denne sundagen feirar me fastelavn.

AV
Publisert

Ordet kjem frå gamalt nedertysk og tyder kvelden før faste (fastel-abend). Denne kvelden hadde ein gjerne ein stor fest, gjerne med ablegøyer og spel, mange stader kledde ein seg ut og gjekk og banka på dørene i nabolaget, på mange måtar som me kan gå jolebukk.

I ein del land vert dette feira med karneval (ordet tyder: farvel til kjøt). I faste skulle ein mellom anna ikkje eta kjøt og elles ha eit redusert inntak av anna mat og drikke.

For mange det viktig å vera aktive i sosiale media og suksess vert målt i kor mange «likes» ein får på det ein skriv eller kor mange som les det ein skriv. Ein skriv av di ein ynskjer at det ein har på hjarta, skal verta lese av andre.

Det er viktig å verta høyrd når ein meiner eller trur noko. Det verste for den som prøver å seia noko, er at ingen er interessert i det som vert sagt eller skrive.

Jesus sa mykje gildt og fint, som å elska andre og å ta omsyn til den svake. Han sa også ting som dei som møtte Jesus, reagerte negativt på. Det han lærde oss og gjorde er like flott og provoserande, i dag, som den gongen han sa det.

Det å fylgja etter Jesus er meir enn å dela ut likes. Det handlar og om å kunna høyra dei ytringane Jesus kom med, som ein ikkje kjenner seg komfortabel med. Det er ikkje alt som passar inn i idealbiletet me har av Jesus.

Jesus fortel om at han skal døy og stå opp. Me har høyrd dette så mange gonger at me kanskje er vorte døve for kva det tyder.

Me er, som sagt, på veg inn i fasta som startar med oskeonsdag. Ein vil no, fram til påske, i bibeltekstane, leggja vekt på kvifor Jesus måtte gå lidingsvegen og døy.

Tekstane bryt med det å vera sjølvoppteken og det å setja seg sjølv i sentrum. Her er det ikkje kor vellukka eg er eller kor mange likes eg får på sosiale media som tel.

Fastetida er ei tid for å gå i seg sjølv og prøva livet sitt mot Guds vilje for det. Her er det ikkje kor fortreffeleg eg sjølv er som tel, sjølv om det er det eg likar best å syna fram.

Jesu fortel i dagens tekst at han skal lida og døy og stå opp på den tredje dagen. Han samanliknar dette med eit korn som vert sådd i jorda for å gje liv slik at meir korn kan veksa opp. Jesus fortel at ved hans død får me liv.

Kristus kallar oss til å ta opp sin kross å fylgja etter han. Det handlar om å tora å ta eit oppgjer med seg sjølv. Dette er provoserande. Eg likar å vera min eigen herre og ingen sin tenar. Det Jesus gjev, er likevel meir verd enn all min byrgskap. Han gjev evig liv!

Magnar Haaland, sokneprest i Ulvik og Granvin

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.