Stor interesse for Nøringen

Ungar frå alle Hardanger-kommunane og Voss får i haust eit nytt kultur­skuletilbod.

AV Nils Kvamsdal
Publisert

Nøringen – Ein smakebit av den lokale kulturarven vår, heiter tilbodet.

– Tilbodet går ut til ungar i alderen 4–6 år i Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang, Jondal, Kvam, Odda og Voss, seier Rannveig Djønne.

Ho representerer hardingfela.no, eit samarbeidsorgan eigd av Hardanger og Voss museum og Ole Bull Akademiet.

Midlar frå kulturrådet

Det nye tilbodet er støtta av Norsk Kulturråd, FolkOrg, Rådet for folkemusikk og folkedans, Hardanger Kulturråd, Dextra Musica, Hardanger-kommunane og Voss kommune. Kulturskuletilbodet vert i praksis gjennomført som eit samarbeid mellom kulturskulane i Hardanger og på Voss, Hardanger Spelemannslag, Voss Spelemannslag,

Kvemmingen spel- og dansarlag, pluss dei to eigarlaga til hardingfela.no.

– Me har til dømes fått 250.000 kroner frå kulturrådet, som eitt av fem rekrutteringsprosjekt i landet. Til saman har med fått rundt 500.000 i støtte til no, seier Djønne.

Ettertrakta

Det er litt ulikt kor langt dei ­ulike kommunane er komne i førebuingane til det nye tilbodet. I Kvam var det praktiske på plass alt i fjor, ifylgje Djønne. I Jondal og Odda har det til no vore litt uvisst grunna mangel på lokale pedagogar.

Saken fortsetter under annonsen.

På Voss vart tilbodet lyst ut denne veka, med søknadsfrist 15. juni – same dato som kulturskulane i Ulvik. Granvin, og Ullensvang aust og vest. I Eidfjord går søknadsfristen ut sundag 10.

– Det har vore stor interesse og pågang alle stader. Me kan ha klassar på maks 12, og viss søknaden vert så stor at ikkje alle får plass, lyt fireåringane venta eitt år, seier Djønne.

Lokale krefter

Den musikalske delen av tilbodet rettar seg fyrst og fremst inn mot song og dans, sjølv om ungane også skal få oppleva hardingfela og toradaren òg på nært hald.

Men det er kulturarven i ein litt breiare forstand som er tema for tilbodet, og det inneber at ungane vil få lokaltilpassa tilbod med vekt på tradisjonar og kultur på eigen heimstad. Derfor er det òg viktig at det er lokale og solide lærekrefter som vert nytta i kvar einskild kommune.

Målet er å nå 100 ungar i indre Hordaland med dette tilbodet.

Solide ressursar

Lista over lærarar er ei oppramsing mellom det fremste me har å by på i indre deler av fylket.

– I Granvin og Ulvik er det Alexander Aga Røynstrand og Anne Marie Øydvin som er lærarar. I Kvam er det Arngunn Timenes Bell og Ole Gjerde. Johanna Mjeldheim skal undervisa både i Ullensvang – som får grupper både aust- og vestom fjorden, og i Eidfjord. Elles i Ullensvang er det Guttorm Rogdaberg og Per Nordnes som er lærarar. I Eidfjord får Johanna hjelp av Hilde Anette Oksavik Bu. Vossingane får læra hjå Ellen Marie Selland Geithung og Johannes Mjøs. I Odda ser det ut til at det vert Ane Jordan og Ingrid Dale som skal undervisa, Og i Jondal er det ikkje heilt i boks, seier Rannveig.

I tillegg samarbeider ein med lokale bygdekvinnelag og andre frivillige, som skal læra ungane gamle matskikkar og handverkstradisjonar.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.