KURSKultur

Seks kreative kurs i Eidfjord

Kreative dagar i Eidfjord er namnet på kurset seks kunstnarar skal ha i bygda den siste heile veka i oktober.

AV Nils Kvamsdal
Publisert

Seks kunstnarar med seks ulike uttrykk har sett kvarandre stemne i Eidfjord frå sundag 22. til laurdag 28. oktober. Dei seks faga som er representerte er treskjering, skinnfellsaum, keramikk, teikning, veving og perling.

I treskjering er det Anneli Engeland som er læraren. Ho tek føre seg to tema; karveskurd, og dragestil frå Hardanger og Voss – stilen Lars Kinsarvik var kjend for, og med røter attende til romansk ornamentikk og vikingornamentikk.

Kjersti Børilden er læraren på kurset i skinnfellsaum. Her skal elevane både læra å sy skinnfell og å trykkja mønster på tradisjonelt vis.

Elevane på keramikkurset får tre tilbod: relieffbilete, tredimensjonale skulpturar etter modell, og bruksting som ljosestakar, vasar og skåler. Lærar er Per Nornes.

Anne Lisbeth Joakobsen skal læra teikneelevane både å sjå og teikna. Konturteikning er temaet for kurset.

Kurset i veving er delt i to: biletvev og ruteåklevev i vevsramme. Grete Møllendal Hereid er lærar på begge kursa, medan Gyda Sandvin Olsson òg er lærar i biletvev.

Møllendal Hereid har også ein finger med i spelet på kurset i perling, men her har ho Marit Dæmring med på laget. Elevane får læra seg å bruka både småperler og stråperler når dei skal perla bringeklutar. 

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.