VANGENFESTKultur
Vangenfest:

Samla ungdommen for musikkfestival

På laurdag vart Vangenfest arrangert for fyrste gong. Ein musikkfestival for og av ungdomar.

AV Katrine Nordanger Mjelde
Publisert

Medan dei fyste syklistane frå Bergen–Voss kryssa målstreken, rigga Vangenfest opp scena ved Gamlekinoen. Her heldt dei koken heile dagen.

– Det er ein heilt ny musikkfestival, me ynskjer at unge musikarar som ynskjer det, skal vera med å delta. Det er ofte mykje konkurranse i musikkmiljøet, så her såg me sjansen til å samla alle og laga ein dag ut av det, fortel Tonje Merkesdal.

14 innslag

Ho sit i Vangenfest-styret saman med fire andre ungdommar som har ansvar for Vangenfest. Det var 14 forskjellige innslag utover dagen. Ungdommane hadde meldt seg på med bandet sitt, åleine med sjølvkomponert musikk og éi framførte slam poetry.

– Me har halde på med dette i om lag to månader. Her kan alle få visa fram kva dei driv på med, seier Merkesdal.

God duo

Merkesdal stilte på scena saman med Lars Flatekvål.

– Me har ikkje valt ein sjølvskriven song, men skal framføra «Sorry» av Nothing but thievs, fortel Merkesdal.

Dei to har aldri spelt saman på scena før.

– Det har vore ein fin dag og me er nøgde med innsatsen, fortel ho.

Det var fleire lokale innslag, men også tilreisande som stod på scena under festivalen.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.