MC og rock heile helga til endes

Amerikanskfødde Gil Edwards entrar scena på Inside både fredag og laurdag. men med ulikt mannskap.

AV Nils Kvamsdal
Publisert

Konsertane på Inside er del av arrangementet Indian Ride 2017, der ein haug med MC-folk samlast i bygda frå i dag og veka ut.

Indian er eit legendarisk motorsykkelmerke, men arrangørane forsikrar at alle MC-merke er velkomne til arrangementet på Voss.

Motorsykkelentusiastane har Inside Voss Rock Cafe som base. Her samlast dei torsdag kveld for registrering. Dagen i dag går med til Indian Road Show, med prøvekøyring for dei som ynskjer det, og med ølsmaking på eit lokal­ bryggjeri.

Så samlast dei på Inside om kvelden, og då er det den godt vaksne rockaren frå Oregon, til dagleg skomakar i Skodje ved Ålesund, som køyrer showet.

MUSIKK

I kveld har han med seg den hardtslåande TNT-legenda Morten «Diesel» Dahl på trommer. Kven som er bassist for kvelden skal vera ein løyndom heilt til vedkomande entrar scena. At det vert fullt trykk frå fyrste tone, er det uansett liten grunn til å tvila på.

På dagtid laurdag held Indian Road Show fram, med prøvekøyring og med fellestur viss vêret tillèt det. Om kvelden vert det ny konsert på Inside, men denne gongen har Edwards med seg Stephen Carlson på scena.

Sundag er sett av til avreise. Medan alle dei andre programpostane er tidfesta, er det ikkje sett opp noko avreisetidspunkt ...

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.