STIPENDKultur
Daledagane:

Kulturstipendet til Flåm Krogsrud

Vaksdølingen Erling Flåm Krogsrud fekk fredag tildelt Vaksdal kommune sitt kulturstipend for 2017.

AV Jan-Egil Dyvik
Publisert

Det var varaordførar Sigmund Simmenes som stod for utdelinga.

– Denne gongen har me valt å gje stipendet til ein som driv innanfor det utvida kulturomgrepet, nemleg idrett, sa Simmenes.

Flåm Krogsrud har trent aktivt heilt frå fem-seks års alderen, og han har lagt ned svært mykje arbeid for å koma der han no er.

– Mellom anna som den åttande beste i landet i sin årsklasse, sa Simmenes.

Mange treningstimar

No trenar symjaren 21 timar i veka, morgon og ettermiddag, til å ha tid både til skule og vener. Han har vore aktiv både på junior- og seniornivå, har vore med på NM.

I tillegg vert det ofte treningsleiarar i inn- og utland.

Flåm Krogsrud dekkjer det aller meste av utgifter sjølve, og dermed vil stipendet frå kommunen, på 10.000 kr, koma vel med.

– Ja, utan tvil. Eg treng til dømes nye symjebukser, eit par kostar rundt 2.500 kr. Det går med nokre slike i løpet av sesong, ja, sa symjaren mellom anna i takketalen sin.

Glad for støtta

I tillegg til å takka kommunen, var han også svært glad for å ha ein familie som støtta han.

– Utan dei og slik støtte for det eg driv med, så ville nok aldri dette ha nytta, sa han.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.