EIN BAUTAKultur

Kanonopning på jazzfestivalen

Snakk om å gå hardt ut: Opningskonserten på Vossa Jazz 2018 er Arild Andersen Quartet!

AV Nils Kvamsdal
Publisert

Det er få på sida og knapt nokon over Arild Andersen i norsk, nordisk og europeisk jazz. Kontrabassisten som har vore ein bauta heilt sidan 60-talet, er framleis særdeles aktiv og etterspurd, verda rundt.

Kvartetten han kjem til Vossa Jazz med er ein utvida versjon av trioen han sette saman for konsertserien European Jazz Legends i fjor, ein konsertserie som resulterte i konsertinnspelinga Rose Window. Gard Nilssen (trommer) og Helge Lien (piano) er begge med i trioen, men etter at Andersen fekk høyra saksofonist Marius Neset og trommeslagar Nilssen saman i Molde, var han sikker i si sak: Han skulle spela saman med begge to, og på Vossa Jazz 2018 skjer det.

Adventskalenderen til Vossa Jazz har bode på fleire godbitar desse fyrste dagane. Sundag var det den New York-baserte gitaristen Mary Halvorson’s Code Girl, med Amirtha Kidami (vokal), Ambrose Akinmusire (trompet), Michael Formanek (bass) og Tomas Fujiwara (trommer) som gøymde seg bak luka, og i dag kikkar Sigrid Moldestad og karane hennar fram.

Karane er «dei vanlege»: Jørgen Sandvik på gitar, mandolin og banjo, Sigbjørn Apeland på piano og trøorgel, Anders Bitustøyl på bass og Kåre Opheim på trommer.

Sigrid sleppte det kritikarroste­ albumet Vere her tidlegare i haust.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.