STANDUPKultur

Er du klar for brutal ærlegdom frå denne komikaren?

Fyrstkomande laurdag skal sjølvaste Dag Sørås få deg til å le når han vitjar Fleischer’s Hotel.

AV Ingvild Siglen Berger
Publisert

For tredje gong inviterer hotellet til ein kveld med standup.

Sjølvaste Dag Sørås, kjend frå Mandagsklubben på TVNorge, tek turen til Voss saman med Christoffer Schjelderup, Anders Lohne Fosse og Jan Tore Kristoffersen.

Prisvinnande komikk

Sørås hadde si fyrste framsyning i 2002, og har etter kvart vorte ein særs suksessfull komikar her til lands. I 2007 fekk han Komiprisen for «Årets nykommer», og gjennombrotet kom med talkshowet «Showman» i 2010.

Same året fekk han sin eigen humorserie på VGTV, som heitte «D-Dag». I januar året etter hadde han i tillegg sin eigen stand-up-spesial på TV 2, pluss at han gjesta fleire tv-program som til dømes «I kveld med Ylvis».

Namn i utlandet

Komikaren har hatt sitt eige radioprogram på P2 og vore på Noregsturné med fleire show. Sørås fekk «Stå opp-prisen» i 2012, og i fjor fekk han Komiprisen for «Årets komikar».

Med sin brutalt ærlege stil har Sørås òg byrja å skapa seg eit namn i utlandet. Han gjer regelmessige framsyningar i Storbritannia, og turnear i Latvia, Island, Sveits, Finland og Skandinavia elles.

Fyrste norske

I 2010 var han den fyrste norske komikaren som sette opp ein eigen heilaftans førestilling under den prestisjetunge Edinburgh Fringe Festival.

I oktober 2015 vart han òg den fyrste norske komikaren nokosinne som har stått på scena på Hammersmith Apollo i London.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.