STJERNESKOTKultur

Dansk stjerneskot til Ulvik

Asta Olivia Nordenhof (30) har markert seg tydeleg som poet i heimlandet. Under poesifestivalen i Ulvik er ho å høyra i fleire programpostar.

AV Sigrid Seim
Publisert

– Sjeldan har me høyrt ei slik sanseleg stemme med politisk slagkraft som den hjå Asta Olivia Nordenhof, seier festivalprodusent Jorid Lekve Eide i ei pressemelding.

Med samlinga «det nemme og det ensomme» frå 2013 gir Nordenhof ei stemme til dei i samfunnet som til vanleg ikkje blir høyrde, og synleggjer maktstrukturar og handlingar i eit samfunn det er risikabelt å hamna utanfor, meiner ho.

Sjølvbiografisk

Under festivalen kan publikum møta den danske poeten i programpostane Lesing ut frå tema, og Poeten i si samtid, sundag 9. september.

Nordenhof er kjent for å skriva sterkt sjølvbiografisk. Dikta syner fram levd liv i komprimert form, som talar klart og insiterande til mange av oss, meiner Jorid Lekve Eide.

Asta Olivia Nordenhof skriv med ein gjennomførande tone som vekslar mellom glede, desperasjon, ømheit, humor, råskap og indignasjon.

Glade

– Me er veldig glade for å ha fått ei slik ung, markant, men poetisk røyst til årets festival, seier dagleg leiar ved Olav H. Hauge-senteret, Geir S. Netland.

Samlaget gav i fjor ut «Det enkle og det einsame», gjendikta av lyrikaren Anna Kleiva. Forlaget har også gjeve fleire andre unge danske poetar ut, i nynorskdrakt. Med det ynskjer dei å opna dei litterære grensene mellom nabolanda og gje lyrikklesarar ein inngang til sjølve å utforska den danske poesien.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.