HELGETANKARKultur
Helgetankar:

Beredskap og teneste

Det er mange oppgåver og utfordringar som vert lettare å løyse viss me på førehand har tenkt igjennom kva som kan henda – og kva me skal gjere når det hender.

AV
Publisert
Oppdatert:

Det kan vere kva som skal gjerast ved ulike hendingar av mange slag, særleg dei som har stor innverknad på menneske sine liv. Då har nokon tenkt så godt som råd, og laga planar. Nokre overraskingar kan koma, for det er vel knapt mogleg å tenkja på alt som kan henda. Men å vere budd er likevel bra. Då taklar me vonleg det som kjem på ein god måte.

Jesus snakkar med læresveinane om å vere budde – mellom anna på at han kjem att ein gong. Læresveinen Peter vil vita litt meir presist kva Jesus meiner, og spør: «Herre, er det oss du siktar til med denne likninga, eller gjeld ho for alle?» Jesus svarar vel ikkje så presist på dette, men held fram med å snakka. Og han bruker eit bilete frå tilhøve mellom ein husherre og tenarane hans – det er noko som tilhøyrarane ikkje er ukjende med. Jesus understrekar kor viktig det er å vera budde, og kor viktig det er å ikkje ta lett på den oppgåva eller den jobben ein har. Han seier jamvel at det vil straffa seg å lura seg unna eller misbruka den stillinga ein har.

Me skjønar at Jesus snakkar om arbeidet i Guds rike, og om ansvaret dei som er med i arbeidet der har. Noko av det han seier, er at «den som mykje har fått, av han blir det venta mykje. Og den som mykje er tiltrudd, av han skal det krevjast dess meir.»

På eit vis likar eg ikkje at Jesus seier det slik. Det høyrest mellom anna så strengt ut. Kvar er evangeliet oppi alt dette? Så dette er vanskelege ord. No er heldigvis ikkje Jesus avhengig av om eg eller andre likar eller aksepterer det han seier, og Han seier det som er rett og sant uansett korleis eg reagerer på det. Det eg trur han her vil fortelja til læresveinane – og til oss – er at liva våre betyr noko, og at vår innsats betyr noko. Me er ulikt utrusta og har ulike oppgåver, og me har ulikt med krefter og tid. Men alle trengst på laget, og alle treng å vera budde – både på den daglege tenesta og på det som ligg lengre fram.

Så er det ingenting av det Jesus seier som reduserer eller annullerer nåden. For det er nett nåden som set oss fri og gjer oss i stand til å vera i Guds teneste. Ja, til å vera Hans medarbeidarar. Tenk så heldige me er så får vera i teneste for sjølvaste Gud! Og når me så har fått våre oppgåver, trengst det at me tek dei på alvor og gjer vårt beste. Slik er det med livet generelt, og det er vel ikkje så dumt viss det gjeld arbeidet i Guds rike òg? Livet vårt har ei meining, og vår innsats har noko å seia for andre menneske.

God helg!

Frode Kvamsøe, prest i Vaksdal og Voss

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.